Skytjefossen
Skytjefossen (eller Skykkjefossen, ikkje godkjend skrivemåte) er den 55. høgaste fossen i Noreg ut frå totalt fall. Han ligg i Simadalen i Eidfjord kommune i Vestland. Fossen vert ofte omtalt med feil høgd, truleg ei samanblanding av det maksimale høgdepotensialet for vasskraftproduksjon til vassdraget som fossen er ein del av. Den vertikale delen av fossen er eit fall på 300 meter og fossen er regulert.
Skytjefossen | |||
foss | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Eidfjord | ||
Fossetype | Hestehale | ||
Elv | Skytjedalselva | ||
Totalt fall | 300 m | ||
• Lengste fall | 300 m | ||
Tal på fall | 1 | ||
Status | Regulert | ||
Skytjefossen 60°29′48″N 7°14′42″E / 60.49667°N 7.24487°E |
Nokre kilometer lenger opp i vassdraget ligg Skytjedalsfossen, som ofte blir forveksla med Skytjefossen.
Sjå òg
endreBakgrunnsstoff
endre- Bilete av fossen Arkivert 2006-05-28 ved Wayback Machine.
- Gammalt bilete av fossen
Kjelder
endre- Skytjefossen på World Waterfall Database Arkivert 2008-05-06 ved Wayback Machine.Denne geografiartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.