Slåtthaug videregående skole

Slåtthaug videregående skole er ein vidaregåande skule like sør for Nesttun i Fana i Bergen kommune.

Slåtthaug videregående skole

Han vart oppretta i 1966 som Fana yrkesskole og fekk det noverande namnet i 1992. Bygningen vart bygd i 1970 og teikna av Arne Hannisdal. Bygningen fekk «Det Nyttige Selskabs pris for god arkitektur» i 1971.[1]

Skulen har om lag 540 elevar og 80 lærarar, i tillegg til anna personell. Skulen er ein knutepunktskule, som vil seie at det finst opplæringstilbod for både høyrande og døve elevar.[2]

Utdanningsprogrammet til skulen består av bygg- og anleggsteknikk, design og handverk, elektrofag, formgjevingsfag, helse- og sosialfag, medier og kommunikasjon, studiespesialisering/allmenne fag og teknikk og industriell produksjon.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

  1. Gunnar Hagen Hartvedt (2003). Bergen Byleksikon (4 utg.). Oslo: Kunnskapsforlaget. ISBN 82-573-1036-0. 
  2. Internettopplysningen