Nesttun
Nesttun er ein tettstad i Fana bydel i Bergen kommune. Nesttun var administrasjonssentrum i tidlegare Fana kommune, som gjekk inn i Bergen kommune 1. januar 1972.
Nesttun | |||
stad | |||
Den tidlegare gågata på Nesttun. Gata er gjort om til kombinert gågate og trasé for bybanen.
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Hordaland | ||
Kommune | Bergen | ||
Areal | 0,65 km² | ||
Folketal | 2 375 (2023) | ||
Postnummer | 5223 NESTTUN | ||
Preposisjon | På Nesttun | ||
Ferdselsårer | 582 Nesttunvegen | ||
Nesttun 60°19′00″N 5°21′00″E / 60.31666667°N 5.35°E | |||
Wikimedia Commons: Nesttun |
Nesttun tyder det nedste tunet. Høgare oppe ligg Midtun (tunet i midten), og øvst Øvsttun (som er det øvste tunet).
På Nesttun ligg mellom anna Nesttunsenteret, Nesttuntorget, Fana Sparebank, kommunehuset til tidlegare Fana kommune, dei verneverdige husa i Hardangervegen 1 og 3 og Birkeland kyrkje.
Den tidlegare jarnbanestasjonen på Nesttun, Nesttun stasjon, var ein av stasjonane på jarnbanen Vossabanen (som i 1909 vart ei strekning på Bergensbanen) fram til Ulrikstunnelen vart opna i 1964, og strekninga Arna-Nesttun-Bergen stasjon vart lagt ned. I si tid var Nesttun stasjon dessutan den eine av endestasjonane på den smalspora Nesttun-Osbanen. 22. juni 2010 vart Nesttun terminal ein førebels endehaldeplass for linje 1 på Bybanen sørover frå Bergen sentrum, og 21. juli 2013 opna Nesttun sentrum haldeplass utanfor Nesttunsenteret i traséen gjennom Østre Nesttunvegen. Der Østre Nesttunvegen tar slutt, går Bybanen inn i Nesttunhaugtunnelen vidare mot Skjold.
Bussterminalar og bybanestasjoner
endre-
Nesttun terminal med gågata og Fana Sparebank i bakgrunnen, 2. november 2009
-
Verneverdige Hardangervegen 1 og 3 med Birkeland kyrkje i bakgrunnen, 2. november 2009
-
Fana kulturhus, 2. november 2009