Slåtthaug videregående skole
Slåtthaug videregående skole er ein vidaregåande skule like sør for Nesttun i Fana i Bergen kommune.
Han vart oppretta i 1966 som Fana yrkesskole og fekk det noverande namnet i 1992. Bygningen vart bygd i 1970 og teikna av Arne Hannisdal. Bygningen fekk «Det Nyttige Selskabs pris for god arkitektur» i 1971.[1]
Skulen har om lag 540 elevar og 80 lærarar, i tillegg til anna personell. Skulen er ein knutepunktskule, som vil seie at det finst opplæringstilbod for både høyrande og døve elevar.[2]
Utdanningsprogrammet til skulen består av bygg- og anleggsteknikk, design og handverk, elektrofag, formgjevingsfag, helse- og sosialfag, medier og kommunikasjon, studiespesialisering/allmenne fag og teknikk og industriell produksjon.
Bakgrunnsstoff
endre- Heimeside Arkivert 2008-09-23 ved Wayback Machine.
Kjelder
endre- ↑ Gunnar Hagen Hartvedt (2003). Bergen Byleksikon (4 utg.). Oslo: Kunnskapsforlaget. ISBN 82-573-1036-0.
- ↑ Internettopplysningen