Fylkesveg 5582

veg i Vestland

Fylkesveg 5582 i Vestland fylke går mellom Sløvåg og Byrknes i Gulen kommune. Fram til 2019 hadde vegen nemninga Fylkesveg 4 i Sogn og Fjordane.[1]

Trasear: Skipavik – Byrknes (16,8 km), Mjømnevatnet – Mjømna kai (2,6 km), Sløvåg – Fivelstad (ca. 5 km), BrandangersundetÅnneland (ca. 5 km)

Vegen var opphavleg delt opp i to isolerte trasear:

  • Eidsbotn - Glenja - Fivelsdal - Sellevåg (11,2 km) i aust
  • Sande(seinare Skipavik) - Ånneland - Mjømna (med arm til Mjømna Kai) - Byrknes i vest

4. november 2010 vart den nye fylkesvegstraséen mellom Ånneland og Sløvåg offisielt opna. Samtidig vart ferjesambandet mellom Skipavik og Sløvåg lagt ned. Strekninga mellom Sløvåg og Fivelstad hadde vore open for trafikk sidan desember 2008. Kostnadene var 215 millionar kroner, Brandangersundet bru inkludert.[2]

Det meste av den gamle austlege traséen, Sellevåg - Brandangersundet og Fivelsdal - Eidsbotn vart med dette omklassifisert til kommunal veg.

Kommunar og knutepunkt

endre
 
Nappsundbrua

  Gulen

Byrknesvegen

Fv5582

Kjelder

endre
  1. «Endringer i vegnettet 2019». Vegvesenet. 27. september 2019. Henta 4. august 2022. 
  2. Ingvild Ramstad (4. november 2010). «Opning av fv. 4 Sløvåg-Ånneland». Sogn og Fjordane fylkeskommune. Henta 5. november 2010. 

Bakgrunnsstoff

endre