Fylkesveg 57
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Fylkesveg 57 (fleirtyding).
Fylkesveg 57 | |||
---|---|---|---|
57 | |||
Forbi Osfossen i Gaula | |||
Strekning | |||
Espeland i Gaular – Knarvik i Lindås | |||
Informasjon | |||
Lengd | 151,4 km | ||
Status | fylkesveg | ||
Ferjestrekningar | 2 | ||
Tilstøytande vegar | |||
565 570 602 607 609 |
Fylkesveg 57 (Fv57) går mellom Espeland i Sunnfjord kommune og Knarvik i Alver kommune. Veglengda er 151,4 km.
Før 1. januar 2010 var vegen riksveg, etter at forvaltingsreforma trødde i kraft har han status som fylkesveg.
Historikk
endreRiksveg 57 vart til i 1960-åra med ein annan trasé mellom Lindås og Gulen kommunar, og i 1967 vart vegen endeleg knytt saman med ei riksvegferje over Fensfjorden. Frå Vågseidet sør for tettstaden Lindås gjekk vegen austover til Sævråsvågen ferjekai og over fjorden med ferjesambandet Sævråsvågen-Duesund til Duesund i Masfjorden. Herifrå gjekk vegen nordvestover til Steine der kjem inn på dagens uendra trasé.
I 1980 vart det opna ein vegarm frå Steine til nye Sløvåg ferjekai og det nye ferjesambandet Leirvåg-Sløvåg.
Med opninga av nye ferjefrie Riksveg 14 mellom Knarvik og Sognefjorden om Romarheim i 1990 vart trafikkgrunnlaget til Sævråsvågen-Duesund borte. Året etter vart ferjesambandet nedlagd, og Riksveg 57 tok over traséen til dåverande Riksveg 568 på Lindåshalvøya mellom Vågseidet og Leirvåg ferjekai.
Vegen hadde fram til 1. juli 1999 vegarmar til Sævråsvåg og Duesund. Vågseidet-Sævråsvåg fart skild ut som dåverande Fylkesveg 396 i Hordaland, medan Steine-Duesund vart skild ut som ein del av dåverande nye Riksveg 570.
Kommunar og knutepunkt
endre- Espeland
- 423 frå Bringeland til Førde lufthamn, Bringeland (1,4 km)
- Fv5676 frå Hjelmeland til Osen bru (6,5 km)
- Fv5678 frå Eidevik til Laukeland (12,2 km)
- Fv5676 Osen bru
- 610 Osen bru
- Båteviktunnelen (67 m)
- Nishammartunnel (1,3 km)
- 609 frå Nishammartunnelen til Førde om Stongfjorden
- Nishammartunnelen (450 m)
- Dale
- Fv5671 frå Håland til Sunndalen (8,1 km)
- 607 Flekke
- Heggeviktunnelen (179 m)
- Lutefura tunnel (186 m)
- Harefosstunnelen (146 m)
- Fv5672 frå Myrvang til Luven (2,9 km)
- Fv5597 frå Nautsundet til Lia i Høyanger
- Fv5654 frå Eidsvik til 607 Birkeland (3,3 km)
- Fv5653 frå Løland bru til 607 Lavik i Høyanger
- 607 Staurdal, felles trasé til Fossbrua
- Foss bru
- 607 Bø bru
- Fv5651 frå Rysjedalsvika til Indrefjorden
- Ferje Rysjedalsvika-Rutledal (20-30 min., 7-8 turar/dag)
- til Rutledal
- 606 Ferje frå Rutledal til Krakhella i Solund
- 602 frå Rutledal til Instefjord
- Kommunal veg frå Rutledal til Dingja via Brosvik og Sygnefest (16,2 km)
- 605 frå Nordgulen til Eivindvik (10,9 km)
- Haveland
- Nesetunnelen (44 m)
- Leversundbrua (152 m)
- Fv5584 frå Leversund til 602 Takle (16,5 km)
- Undaltunnelen (590 m)
- Lundtunnelen (147 m)
- Kommunal veg frå Dalsøyra til Dale
- Kommunal veg frå Eidsbotn til Fv5582 Fivelsdal
- 570 Steine til Odnåstjørni i Alver kommune (43,8 km)
- Kommunal veg til Halsvik
- Fv5582 frå Sløvåg til Byrknes og Sellevåg
- Ferje frå Sløvåg (artikkel om ferjesambandet)
- Fv415 frå Lauvås til Fv400 Lindås kyrkje
- Fv400 Lindås
- Fv400 frå Lindås sør til Fonnebust kai
- Fv398 Haukås
- Lyngfjelltunnelen (966 m)
- Fv396 frå Vågseidet til Sævråsvåg kai
- Fv398 frå Vågseidet til Fv400 Lindås
- Fv390 frå Konglevoll til Furuberget
- Hundvintunnelen (146 m)
- Fv390 Furuberget
- Furubergtunnelen (303 m)
- Vatnetunnelen (106 m)
- Fv402 frå Seim til Fv404 Vollum
- Herlandstunnelen (280 m)
- Espelandstunnelen (830 m)
- Herland
- 565 Isdalstø
- Fv392 frå Knarvik til Knarvik kai (0,8 km)
- Knarvik