Slaget ved Crécy

Slaget ved Crécy (moderne fransk: la Bataille de Crécy; moderne engelsk: Battle of Crécy, på engelsk òg stava Cressy) var eit av dei viktigaste slaga i løpet av hundreårskrigen og vart utkjempa av ein hovudsakleg engelsk-walisisk hær kommandert av kong Edvard III av England og ein større fransk hær støtta av genovesiske armbrøstskyttarar kommandert av kong Filip VI av Frankrike 26. august 1346 nær Crécy-en-Ponthieu nord i Frankrike. Kombinasjonen av nye våpen, det vart nytta kanonar kanskje for første gong i eit europeisk slag, og taktikkar har fått mange historikarar til å rekna dette slaget som byrjinga på slutten av det klassiske riddarskapen. Den engelske hæren nytta hovudsakleg langbogeskyttarar mot dei franske tunge kavaleristane og armbrøstskyttarane, og deira bruk av taktikk og overlegne våpen sikra dei ein knusande siger i slaget. Dette var den første av dei tre store engelske sigrane under hundreårskrigen; dei to andre var slaga ved Poitiers i 1356 og Azincourt i 1415.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Slaget ved Crécy