Slaget ved Kapp St. Vincent i 1719
Slaget ved Kapp St. Vincent var eit mindre sjøslag i kvadrupelalliansekrigen, utkjempa 21. desember 1719 nær Kapp St. Vincent mellom ein skvadron på tre britiske linjeskip under kommandør Philip Cavendish og ein skvadron med dei spanske linjeskipa «Tolosa», «Hermiona» og «Guadalupe» under Don Rodrigo de Torres sendt frå Santander til Cádiz for å unngå at han vart kapra av den engelsk-franske styrken som patruljerte Biscayabukta.
Slaget ved Kapp St. Vincent | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Del av kvadrupelalliansekrigen | |||||||
| |||||||
Partar | |||||||
Storbritannia | Spania | ||||||
Kommandantar | |||||||
Philip Cavendish | Rodrigo de Torres | ||||||
Styrkar | |||||||
3 linjeskip | 3 linjeskip | ||||||
Tap | |||||||
154 drepne eller skadde[1] | 20 drepne, 27 skadde[1] |
Sardinia – Sicilia – Castellamare – 1. Palermo – Kapp Passaro – 1. Messina – Milazzo – Fuenterrabía – Glen Shiel – Francavilla – Roses – Pensacola – 2. Messina – Vigo – Kapp St. Vincent – 2. Palermo – Sferracavallo – La Seu d'Urgell – Nassau |
Den spanske skvadronen, som hadde kapra ein britisk fregatt og ein korvett få dagar før slaget, tvinga den britiske flåten til å trekkje seg attende til Gibraltar med store tap etter ein fem timar lang kamp. Dei nådde fram til Cádiz den 2. januar 1720. Pedro Messía de la Cerda, framtidig kaptein på linjeskipet «Glorioso», under den kjende reisa der dei første gull frå Spansk Amerika til Spania, og statthaldar i Ny-Granada, tok del i kamphandlinga på eit av dei spanske skipa.[2]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Battle of Cape St. Vincent (1719)» frå Wikipedia på engelsk, den 22. april 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Arsenal, León; Prado, Fernando (2008). Rincones de historia española. Madrid: EDAF. ISBN 9788441420502.
- Fernández Duro, Cesáreo (1898). Armada española desde la unión de los reinos de Castilla y de León VI. Madrid: Est. tipográfico "Sucesores de Rivadeneyra".