Slaget ved Lauffeld

Slaget ved Lauffeld[a 1] fann stad 2. juli 1747,[3] under den franske invasjonen av Nederland i den austerrikske arvefølgjekrigen. Moritz av Sachsen (eller Marskalk Saxe) kommanderte dei franske styrkane mot den pragmatiske armeen, som var ein samla styrke av britar og hannoveranarar under Hertugen av Cumberland, og Dei sameinte Nederlanda, kommanderte av fyrsten av Orange, ved Lauffeld (eller Lafelt, i dag ein del av Riemst), like vest for Maastricht. Cumberland rykte fram for å slå ei avdeling av den franske armeen kommandert av fyrsten av Clermont som Saxe hadde sendt for å lokke den pragmatiske armeen i rørsle. Saxe marsjerte så med hovudstyrken til slagmarka han hadde sett seg ut for å utmanøvrere dei.

Slaget ved Lauffeld
Del av den austerrikske arvefølgjekrigen

Marskalk Moritz av Sachsen i slaget ved Lauffeldt. Nyare måleri av Pierre Lenfant.
Dato 2. juli 1747
Stad Lauffeld mellom Tongeren og Maastricht.
Resultat Fransk siger
Partar
Storbritannia 1606-1801 Storbritannia
Hannover
Det tysk-romerske riket 1400-1806 Austerrike
Nederland 1581-1795 Dei sameinte Nederlanda
Frankrike Frankrike
Kommandantar
Storbritannia 1606-1801 Hertugen av Cumberland
Det tysk-romerske riket 1400-1806 Karl Josef Batthyány
Nederland 1581-1795 Fyrsten av Waldeck
Frankrike Moritz av Sachsen
Styrkar
60 000 80 000
Tap
8000[1]
16 kanonar
8700[2]
Inkludert 1500 tekne til fange
Felttog i den austerrikske arvefølgjekrigen
MollwitzChotusitzDettingenToulonPfaffenhofenFontenoyHohenfriedbergSoorHennersdorfKesselsdorfRoucoux1. FinisterreLauffeld2. FinisterreHavanna

Slaget

endre

Cumberland stod no imot heile den franske armeen, men gjorde sakene verre ved å ignorere General Ligonier[a 2] sitt råd om å okkupere og forskanse seg langs ei linje av landsbyar føre den allierte armeen. Nok ein gong, som i slaget ved Roucoux, nekte austerrikarane på høgreflanken å gå til åtak på den franske, opne venstreflanken. Landsbyane skifta hender fleire gonger før Saxe fekk overtaket. Ei stor fransk kolonne dreiv ti tusen britiske og hessiske soldatar ut av og rundt landsbyen Lauffeld ein siste gong.

Cumberland omorganiserte styrkane sine for eit nederlandsk og britisk motåtak, men det nederlandske kavaleriet vart slått av eit åtak frå franske karabinierar og flykta frå det franske kavaleriet som så dreiv infanteriet bak dei i uorden. Det franske kavaleriet braut gjennom senteret i den allierte linja.[4] Den franske generalen vendte seg så mot den allierte venstreflanken og truga og utslette det britiske infanteriet. General Ligonier førte så på eige initiativ kavaleriet sitt i åtak som kunne redde den allierte armeen. Dette var det største kavaleriet i heile krigen med over 15 000 ryttarar. Ligonier vart fanga medan han dekte tilbaketrekkinga til dei allierte under eit siste åtak.[5]

Etterverknad

endre

Den franske sigeren la vegen open for ein fransk invasjon av Nederlanda og nederlendingane under fransk nåde. Då dei allierte gjorde retrett kunne Saxe sende ei avdeling på 30 000 under grev Lowendahl nordover låglanda og ta byen Bergen-op-Zoom, noko som enda felttoget dette året. Då felttoget starta på våren att i 1748, tok franskmennene Maastricht den 7. mai etter ei kort omleiring. Omleiringa av byen starta fredsprosessane i april som enda krigen i oktober 1748 med Aix-la-Chapelle-traktaten. Moritz av Sachsen lange sigersrekkje, omleiringar og slag i Nederlanda sikra Frankrike ein posisjon som den dominerande makta i fredsforhandlingane, medan lyden av kanonane til Saxe kunne høyrast i bakgrunnen mot Maastricht.

Fotnotar

endre
  1. Slaget ved Lauffeld vert òg kalla slaget ved Lafelt, slaget ved Maastricht eller slaget ved Val.
  2. Ligonier var ein franskmann og leigesoldat som kommanderte det britiske kavaleriet i slaga til Cumberland.

Kjelder

endre
  1. History of England, Phillip Henry Stanhope, s. 333
  2. Skrine, Francis Henry.Fontenoy and Great Britain's Share in the War of the Austrian Succession 1741-48. London, Edinburgh, 1906, s.332.
  3. Hywel Williams (2005). Cassell's Chronology of World History. Weidenfeld & Nicolson. ISBN 0-304-35730-8. 
  4. Smollett, Tobias. History of England, from The Revolution to the Death of George the Second, London, 1848, Vol.II, s.524.
  5. History of England, Phillip Henry Stanhope, s. 334
  • Denne artikkelen bygger på «Battle of Lauffeld» frå Wikipedia på engelsk, den 27. desember 2008.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
    • Stanhope, Phillip Henry, Lord Mahon. History of England From the Peace of Utrecht to the Peace of Versailles., Boston, 1853, Vol.III.
    • Browning, Reed.The War of the Austrian Succession, St. Martin's Press, New York, (1993): ISBN 0-312-12561-5
    • Chandler, David. The Art of Warfare i the Age of Marlborough. Spellmount Limited, (1990): ISBN 0-946771-42-1
    • Skrine, Francis Henry. Fontenoy og Great Britain's Share i the War of the Austrian Succession 1741-48. London, Edinburgh, 1906.
    • Smollett, Tobias. History of England, from The Revolution to the Death of George the Second, London, 1848, Vol.II.