Slaget ved Toulon i 1744

Slaget ved Toulon eller slaget ved Kapp Sicié fann stad 22. og 23. februar 1744 i Middelhavet utanfor kysten av Toulon i Frankrike. Ein spansk konvoi slo den britiske Middelhavsflåten. Den franske flåten kom til støtte for Spania mot slutten av slaget då den britiske flåten trekte seg tilbake.

Slaget ved Toulon
Del av den austerrikske arvefølgjekrigen

Dato 22. februar 1744
Stad Middelhavet, nær Toulon i Frankrike
Resultat Ikkje avgjort
Strategisk fransk-spansk siger
Partar
Det spanske riket 1701-1748 Spania
Frankrike Frankrike
Storbritannia 1606-1801 Storbritannia
Kommandantar
Juan José Navarro Thomas Mathews,
Richard Lestock,
William Rowley
Styrkar
27 linjeskip,
3 fregattar,
3 andre,
(1806 kanonar)
30 linjeskip,
3 fregattar,
6 andre,
(2280 kanonar)
Tap
149 døde,
467 skadde,
6 skip øydelagd[1]
~800 døde eller skadde,[1]
10 skip øydelagde,
1 skip sokk
Felttog i den austerrikske arvefølgjekrigen
MollwitzChotusitzDettingenToulonPfaffenhofenFontenoyHohenfriedbergSoorHennersdorfKesselsdorfRoucoux1. FinisterreLauffeld2. FinisterreHavanna

Slaget

endre

Den 22. februar gjekk 30 britiske skip under Thomas Mathews til åtak på den spanske baktroppen. Den franske og spanske flåten hadde til saman 27 skip, men dei franske skipa deltok ikkje i sjølve slaget. Mathews hadde følgd etter den franske flåten i perioden opp til slaget i tilfelle ein av sidene erklærte krig mot ein annan som ein del av den austerrikske arvefølgjekrigen. Dei tolv spanske skipa vart kommandert av Don Juan José Navarro. Kl. 17 trekte begge sidene seg bort frå kvarandre. Åtaket heldt fram frå lang avstand dagen etter, men britane leid kraftig, og då franskmennene kom til, vart britane tvungen til å trekke seg tilbake. Den 24. februar segla Mathews mot Italia.

Mathews sin nestkommanderande, viseadmiral Richard Lestock bad seinare kong Georg II av Storbritannia om å stille mange av dei britiske offiserane som hadde delteke i slaget for krigsretten, inkludert Mathews. Mathews og fleire andre offiserar vart sagt opp av Royal Navy som følgje av dette .

Skip i slaget

endre

Frankrike og Spania

endre

I front
«Boree» 64
«Tolosa» 60
«Tigre» 50
«Eole» 64
«Alcion» 56
«Duc d'Orleans» 68
«Espoir» 74 (flaggskipet til de Gavaret)
Senter
«Trident» 64
«Heureux» 60
«Aquilon» 44
«Sólide» 64
«Diamant» 50
«Firme» 70
«Terrible» 74 (flaggskip)
«Sancti Spiritus» 68
«Serieux» 64
Bak
«Oriente» 60
«América» 60
«Neptuno» 60
«Poder» 60 - Øydelagd og fanga, men gjenerobra og bora i senk dagen etter
«Constante» 70
«Real Felipe» 114 (flaggskipet til Juan José Navarro)
«Hércules» 64
«Brillante» 60
«Halcón» 60
«San Fernando» 64
«Soberbio» 60
«Santa Isabel» 80
3 fregattar
2 brannskip
1 slagskip som vart nytta som sjukehusskip

Skip merkte med * var spanske.

Britane (Thomas Mathews)

endre

I front
«Chatham» 50
«Nassau» 70
«Chichester» 80
«Boyne» 80
«Barfleur» 90 (flaggskipet til Rowley)
«Princess Carolina» 80
«Berwick» 70
«Stirling Castle» 70
«Bedford» 70
Senter
«Dragon» 60
«Royal Oak» 70
«Princess» 70
«Somerset» 80
«Norfolk» 80
«Marlborough» 90
«Dorsetshire» 80
«Essex» 70 (Richard Norris)
«Rupert» 60
«Namur» 90 (flaggskip)
Bak
«Salisbury» 50
«Romney» 50
«Dumkint«? 60
«Revenge» 70
«Cambridge» 80
«Neptune» 90 (flaggskipet til Lestock)
«Torbay» 80
«Russell» 80
«Buckingham» 70
«Elizabeth» 70
«Kingston» 60
«Oxford» 50
«Warwick» 60
3 fregattar
3 brannskip
3 skonnertbriggar

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 Carlos Martínez-Valverde, La campaña de don Juan José Navarro en el Mediterráneo y la batalla de Sicié (1742-1744).