Slaget ved Roucoux
Slaget ved Rocoux fann stad 11. oktober 1746 som ein del av den austerrikske arvefølgjekrigen utanfor byen Liege i Belgia og enda med siger til Frankrike over ein allianse mellom Austerrike, Storbritannia, Hannover og Dei sameinte Nederlanda.
Slaget ved Rocoux | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Del av den austerrikske arvefølgjekrigen | |||||||
Slaget ved Roucoux, 1746 | |||||||
| |||||||
Partar | |||||||
Austerrike Storbritannia [[fil:|22px|Hannover 1692-1837|border]] Hannover Dei sameinte Nederlanda |
Frankrike | ||||||
Kommandantar | |||||||
Fyrst Karl av Lorraine John Ligonier Fyrsten av Waldeck |
Moritz av Sachsen | ||||||
Styrkar | |||||||
97 000[1] | 80 000 | ||||||
Tap | |||||||
4000-5000[2] 30 kanonar[3] |
3500[4] |
Manøvrer føre slaget
endreMollwitz – Chotusitz – Dettingen – Toulon – Pfaffenhofen – Fontenoy – Hohenfriedberg – Soor – Hennersdorf – Kesselsdorf – Roucoux – 1. Finisterre – Lauffeld – 2. Finisterre – Havanna |
Den franske armeen vart kommandert av marskalk Saxe og armen til dei pragmatiske allierte av fyrst Karl av Lorraine og Austerrike og den britiske generalen Sir John Ligonier. Saxe hadde nesten gjennomført felttoget sitt for å ta Flandern og truga med å invadere Holland. Dei allierte fann posisjonar ved Liege, med nederlendingane under Waldeck til venstre for Liege til Rocoux, britane og hannoveranarane i midten og austerrikarane til høgre nær elva Jaar
Slaget
endreDet franske hovudåtaket gjekk mot den nederlandske delen på venstreflanken av den allierte linja mellom Liege og Rocoux, og franskmennene sigra kraftig i tredje åtaket.[5] Etter kvart som franskmennene rykte nærmare starta den allierte linja å vike. Austerrikarane på høgreflanken deltok ikkje i slaget enno og gjorde ingen forsøk på å ta initiativet og rykke fram mot den eksponerte franske venstreflanken. Kavaleriet til Lingonier og nokre britiske infanteristar danna ein baktropp som heldt franskmennene unna medan dei trekte seg tilbake. Franskmennene vann slaget og erobra like etter Liege.
Etterverknad
endreDette var den andre av tre store sigrar for Saxe, etter Fontenoy og før Lauffeld. Franskmennene vann slaget og med å ta Liege fjerna dei austerriksk kontroll over Nederlanda.
Kjelder
endre- ↑ Skrine, Francis Henry.Fontenoy and Great Britain's Share in the War of the Austrian Succession 1741-48. London, Edinburgh, 1906, s.311
- ↑ Gentlemen's Magazine Vol. XVI 1746 s. 542
- ↑ Smollett, Thomas. The History of England from the Revolution to the Death of George II. London, 1848, Vol. II, s. 509
- ↑ Skrine, Francis Henry.Fontenoy and Great Britain's Share in the War of the Austrian Succession 1741-48. London, Edinburgh, 1906, s.313.
- ↑ Gentlemen's Magazine Vol. XVI, 1746, s. 542.
- Denne artikkelen bygger på «Battle of Rocoux» frå Wikipedia på engelsk, den 27. desember 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Browning, Reed.The War of the Austrian Succession, St. Martin's Press, New York, (1993): ISBN 0-312-12561-5
- Chandler, David. The Art of Warfare in the Age of Marlborough. Spellmount Limited, (1990): ISBN 0-946771-42-1
- Skrine, Francis Henry. Fontenoy and Great Britain's Share in the War of the Austrian Succession 1741-48. London, Edinburgh, 1906.