Slamstraum
Ein slamstraum er ein vassblanda, finkorna lausmasse som flyt nedover ein skråning. Han kan dannast i samband med vulkanutbrot ved blanding av vulkansk oske og vatn, eller i ørkenstrøk etter plutselege og valdsame regnskyll.
Slamstraumar kan òg oppstå under vatn som turbiditt.
Kjelder
endre- Slamstrøm. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 1. desember 2013 frå http://snl.no/slamstr%C3%B8m