Turbiditt
Turbiditt er ein straum av sediment oppvirvla i vatn skapt ved ras nedover ein undersjøisk skråning, til dømes i framkant av eit elvedelta i sjø eller innsjø.
Danning
endreMarine turbidittar opptrer hyppig i kontinentalskråningar. Blandinga av vatn og sediment har større tettleik enn omkringliggande vassmassar og kan derfor oppnå stor fart. Han vil rive med seg meir materiale på veg nedover skråninga og vil fortsette langt utover havbotnen nedanfor. Sidan dette gjentar seg jamleg, fører det til at store mengder sediment blir transportert frå kontinentalsokkelen til dei store havdjupa.
Anna tyding
endreTurbiditt er òg namnet på sedimentære bergartar (forsteina avsetningar) skapt av gamle turbidittstraumar. Slike avsetningar har karakteristiske trekk som avslører korleis dei vart danna.
Sjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Turbiditt» frå Wikipedia på bokmål, den 6. januar 2014.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- A. Allaby and M. Allaby: The Concise Oxford Dictionary of Earth Sciences, Oxford University Press 1991, oppslagsord «turbidity current» og «turbidite».