Slangen (frå latin Serpens) er eit todelt stjernebilde rundt ekvatorhimmelkvelvinga. Det er eit av dei 48 stjernebileta oppførte av astronomen Klaudios Ptolemaios på 100-talet, og er i dag eit av dei 88 moderne stjernebileta. Det er unikt blant dei moderne stjernebileta fordi det er delt inn i to usamanhengande område, Serpens Caput (Slangehovudet) i vest og Serpens Cauda (Slangehalen) i aust. Mellom desse to halvdelane ligg stjernebiletet Slangeberaren.

Slangen
Slangen
Slangen
Latinsk namn Serpens
Forkorting Ser
Genitivsform Serpentis
Symbologi Frå Babylon
Rektasensjon Serpens Caput: 16 h
Serpens Cauda: 18 h
Deklinasjon Serpens Caput: +10°
Serpens Cauda: −5°
Areal 637 kvadratgrader
nr. 23 av stjernebilda
Stjerner sterkare
enn mag. 3
1
Sterkaste stjerne α Ser (Unukalhai) (2,63. mag.)
Meteorsvermar
Tilgrensande
stjernebilde

Serpens Caput:

Serpens Cauda:

Synleg mellom breiddegradane +80° og −80°

Den mest lyssterke stjerna i Slangen er Unukalhai med ein tilsynelatande storleik på 2,63. Ein del av Mjølkevegen passerer gjennom Slangehalen og er derfor rik på djupromsobjekt, slik som Ørnetåka (IC 4703) og den tilknytte stjernehopen Messier 16. Denne stjernetåka måler 70 gonger 50 lysår og inneheld Skapingspillarane, tre støvskyer som er kjende for eit bilete teken av Hubbleteleskopet. I Slangehalen ligg òg Seyfertsekstetten, ein av dei tettaste kjende galaksehopane, og Arp 220, ein prototype på ein ultrstrålande infraraud galakse.

Stjernebiletet Slangen (Slangehovudet) slik det er for det nakne auga.

Slangehovudet grensar til Vekta i sør, Jomfrua og Bjørnepassaren i aust, Den nordlege krona i nord og Slangeberaren og Herkules i vest. Slangehalen grensar til Skytten i sør, Skjoldet og Ørna i aust og Slangeberaren i nord og vest. Det dekkjer i alt 636,9 kvadratgrader i alt, og er rangert som det 23. største stjernebiletet etter areal.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Slangen

Koordinatar:   17h 00m 00s, +03° 00′ 00″