Himmelkvelving

(Omdirigert frå Himmelkvelvinga)

Himmelkvelving eller himmelkule er innan astronomi og navigasjon ei tenkt roterande sfære med ein enorm radius med sentrum i auga til observatøren eller midtpunktet i jorda eller sola.

Jorda roterer innafor ein relativt liten, jordsentrert himmelkule. Her kan ein sjå stjerner (kvit), ekliptikken (raud), og linjer for rektascensjon og deklinasjon (grøn) i ekvatorkoordinatar.

På jorda er himmelkula konsentrisk og koaksial og med jorda som sentrum. Alle himmellekamar kan sjåast som plassert på denne sfæren. Projisering på himmelkvelvinga er eit nyttig verktøy innan navigasjon. Dersom ein kjenner posisjonen til ein himmellekam på himmelkula (vha. nautiske almanakkar) og deretter bestemmer stillinga til himmellekamen i høve til horisonten (vha. ein sekstant), kan ein rekna ut posisjonen til observatøren på jorda. Dette er grunntanken i astronomisk navigasjon.

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Himmelkvelving