Slavjanka (russisk Славя́нка) er ei elv i Leningrad oblast i Russland og ei av sideelvane til Neva frå venstre. Elva er 31 km lang og har eit nedslagsfelt på 230 km².

Slavjanka
elv
Land Russland
Del av Pavlovsk Museum-Preserve, Pavlovsk Park, Marientahl Park
Nedslagsfelt 230 km²
Lengd 31 km
Munning Neva
Kart
Slavjankaelva
59°38′18″N 30°19′37″E / 59.63825°N 30.326972222222°E / 59.63825; 30.326972222222
Wikimedia Commons: Slavyanka River

Slavjanka spring ut frå eit myrområde rundt 9 km sørvest for byen Pavlovsk, og renn nordaustover mot Pavlovsk, der ho renn gjennom parkane som ligg rundt det store Pavlovsk-palasset. Ho held fram mot nord og munnar ut i Neva i Rybatskoje-området i Sankt Petersburg. Ved munningen er elva om lag 1,5 meter djup. Slavjanka er ei typisk sletteelv som renn særs sakte.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Slavjankaelva