Slavofil er ei nemning brukt om medlemer av ei intellektuell rørsle som frå 1820-talet var aktiv i den offentlege meiningsutvekslinga i fleire land i den austlege delen av Europa. Dei tsjekkiske og russiske tidlege representantane for posisjonen danna gjennom panslavisme ein opposisjon til dei som arbeidde for at Russland og andre land i Aust-Europa skulle ta etter Vest-Europa. Den mest aktive fasen for rørsla varte frå den slaviske kongressen i Praha i 1848 og fram til 1860, då ungtsjekkarane oppstod, medan den leiande slavofile i Russland døydde.

Historie endre

Omgrepet «slavofil» vart teke i bruk i Tyskland, av Georg Wilhelm Friedrich Hegel og Friedrich Schelling, om eit heroisk ideal hevda av entusiastiske slavarar som hadde studert i nettopp Tyskland. Diskusjonen mellom dei vestlegsinna og dei slavofile starta då Pjotr Tsjadajev i 1836 kom med sitt «første filosofiske brev». Han fordømte der Russlands negative sider og karakteriserte landet som tilbakeståande.

Pionerar innan den reint litterære og historiske erindringskulturen hos slavarane var tsjekkarane Josef Dobrovský, Frantisek Palacky og den tsjekkofile slovaken Ján Kollár. Hos russarane dominerte teologen Aleksej Khomjakov og framfor alt brørne Ivan og Konstantin Aksakov og brørne Peter og Ivan Kirejevskij. Tsjekkarane bringa etter 1848 fram dei første austroslavistane, russarane utvikla etter 1860 både panslavisme og panrussisme.

Klassifisering endre

I motsetning til dei vestlegsinna som stridde for ei europeisering av Russland, prisa dei slavofile det «originale russiske», som folketonen Igors song. Dei framheva, takk vere August von Haxthausen og hans verk frå 1847, Studiar av indre tilhøve i Russland ..., det russiske landsbysamfunnet mir, som dei såg som ein utvida familie.

Med sine tenkemåtar fremja dei slavofile opplysningstidas idear, dei kravde liveigenskapen avskaffa og opplysning av folket.

Liste over andre russiske slavofile endre

Desse karane var meir eller mindre vedkjennande slavofile. Dei seinare er rekna som representantar for panslavisme og panrussisme.

Kjelder endre