Aleksandr Solzjenitsyn
Aleksandr Isajevitsj Solzjenitsyn (11. desember 1918–3. august 2008), russisk Алекса́ндр Иса́евич Солжени́цын var ein russisk forfattar, historikar og nobelprisvinnar. Han gjorde verda merksam på dei sovjetiske slaveleirane (Gulag) og var kritisk til russisk styre under og etter sovjettida.
Aleksandr Solzjenitsyn | |
Statsborgarskap | Sovjet-Russland, Sovjetunionen, Russland, statslaus |
Fødd | 11. desember 1918 Kislovodsk |
Død | |
Yrke | skribent, historikar, romanforfattar, manusforfattar, skodespelforfattar, lyrikar, offentleg person, prosaforfatter, kommentator, skolelærer, militær, militant aktivist, skribent, full member of RAS, lærar, novelleforfattar |
Språk | russisk |
Medlem av | Den sovjetiske forfatterforeningen, Serbias vitenskaps- og kunstakademi, Det russiske vitskapsakademiet, American Academy of Arts and Sciences, Bayerische Akademie der Schönen Künste |
Religion | Den russisk-ortodokse kyrkja |
Far | Isaacky Semyonovich Solzhenitsyn |
Mor | Taisiya Zakharovna Shcerbak |
Ektefelle | Natalia Solzhenitsyna, Natalya Reshetovskaya, Natalya Reshetovskaya |
Nettstad | http://www.solzhenitsyn.ru, https://www.solzhenitsyncenter.org/ |
Aleksandr Solzjenitsyn på Commons |
Solzjenitsyn tenestegjorde som kaptein i artilleriet under andre verdskrigen. Etter å ha sett den brutale framferda til sovjetiske soldatar i Polen og Tyskland skreiv han diktet «Prøyssiske netter». Han blei arrestert i februar 1945 for å ha kalla statsleiaren Stalin for «han med barten» i eit brev til ein ven, og i juli det året dømd til ti år i fangeleir. Opplevingane i Gulag førte til bøker som En dag i Ivan Denisovitsj' liv og Gulag-arkipelet. Seinare verk som til dømes I første krets og Kreftavdelingen gav Solzjenitsyn stor vyrnad, og han fekk Nobelprisen i litteratur i 1970.
Solzjenitsyn mista det sovjetiske statsborgarskapet sitt og levde i eksil frå 1974, først i Tyskland, der han budde hjå venen Heinrich Böll, deretter Sveits og til sist i Vermont i USA. Han vitja også Noreg ei tid og vurderte å slå seg ned der. Etter enden på Sovjetunionen drog han tilbake til Russland i 1994. Han heldt fram med sitt virke som regimekritikar også av det nye styret i Russland.
Solzjenitsyn døydde i Moskva av hjartesvikt, 89 år gammal.
Referansar
endre- Denne artikkelen bygger på «Aleksandr Solsjenitsyn» frå Wikipedia på bokmål, den 7. august 2008.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Björkegren, Hans, and Kaarina Eneberg Aleksandr Solzhenitsyn: A Biography, Henley-on-Thames: Aiden Ellis, 1973. ISBN 0-85628-005-4.
- Guardian (London). 3 August 2008. [1]
- Scammell, Michael Solzhenitsyn: A Biography. London: Paladin, 1986. ISBN 0-586-08538-6.Denne litteraturartikkelen som har med Sovjetunionen og Russland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.