Sleepwalker av The Kinks

Sleepwalker
Singel av The Kinks
frå albumet Sleepwalker
B-side

«Full Moon»

Utgjeve 18. mars 1977
Innspelt September–oktober 1976
Studio Konk Studios i London
Sjanger Rock
Lengd 4:04
Selskap Arista
Låtskrivar(ar) Ray Davies
Produsent Ray Davies
The Kinks-kronologi 
«No More Looking Back»
(UK, 1976)
---
«I'm in Disgrace»
(US, 1976)
Sleepwalker «Juke Box Music»
(1977)


«Sleepwalker» er ein song skriven av Ray Davies og framført av The Kinks i 1977 for albumet med same namn.

Bakgrunn og innspeling endre

«Sleepwalker» var visstnok skriven om då Ray Davies flytta frå London til New York City på denne tida.[1] Den søvnlause Davies tilpassa seg då 24-timarsdagen i den travle byen.[1]

Songen vart spelt inn ein gong mellom 22. og 30. september 1976, same veka som «Sleepless Night» og «Life Goes On».[2] Både «Sleepwalker» og «Sleepless Night» varat spelte inn i lange, sju minuttarsversjonar, og vart redigert ned før dei kom ut på albumet.[2] 11. oktober vart det lagt på korvokal av Ray Davies, Dave Davies og John Gosling.[2]

Tekst og musikk endre

Som tittelen («Søvngjengar») indikerer vert songen sungen av ein søvngjengar. Teksten hevdar at «når midnatt kjem, mistar songaren vettet» og kallar seg sjølv ein «søvngjengar», «nattsnikar», «gatevandrar» og «natteramn».[3] Eit mellomspel i midten av songen vart skildra som «Dylan-aktig» av Denise Sullivan i AllMusic.[1]

Utgjeving og mottaking endre

«Sleepwalker» vart gjeven ut som den første singelen frå albumet med same namn. Songen gjekk inn på den amerikanske Hot 100-lista og nådde 48. plassen. Dette var den første singelen til The Kinks som gjekk inn på denne lista etter «Apeman» i 1970. Songen nådde òg 54. plassen i Canada.[2]

«Sleepwalker» kom òg ut på samlealbumet Come Dancing with The Kinks.

For å marknadsføre songen framførte The Kinks «Sleepwalker» fleire gonger på fjernsyn. Bandet mima til songen på The Mike Douglas Show (etterfølgd av eit intervju og ei live framføring av «Celluloid Heroes»).[2] Songen vart òg framført på Saturday Night Live den 26. februar 1977, etterfølgd av ein medley av «You Really Got Me», «All Day and All of the Night», «A Well Respected Man» og «Lola».[2]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Sullivan, Denise. «AllMusic, Sleepwalker (song)». Henta 27. april 2018. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 Hinman, Doug. All Day and All of the Night. s. 204–210. 
  3. Davies, Ray. «Lyrics». Henta 27. april 2018.