Slektsgard
Familiegard eller slektsgard er ein gard som ein familie eig og driv. Som mange andre familieverksemder og eigedommar går slike gardar ofte i arv frå ein generasjon til ein annan.
Slektsgardar eller familiegardar har vore vanlege i ei rekkje økonomiske system gjennom historia, og er ei vanleg driftsform i Noreg. Dei skil seg frå ulike former for kollektivbruk og større industrijordbruk.
Internasjonalt år for familiegardsbruk
endreVed si 66. generalforsamling utpeikte SN 2014 som internasjonalt år for familiegardar.[1] Den internasjonale mat- og jordbruksorganisasjonen FAO og andre organisasjonar i og utanfor SN-systemet tok del i utforminga av året.
Markeringa av året legg vekt på korleis familiegardsbruk verner om matvaretryggleik, tradisjonelle mattypar og eit balansert kosthald. Slike gardsbruk er også rekna som viktige for biologisk mangfald, lokalsamfunn og lokale økonomiar. [1]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 Official Website of the International Year of Family Farming 2014, Food and Agriculture Organization of the United Nations, 21 November 2013
- «Bondegård» (14. februar 2009), Store norske leksikon.
- «Family Farm», usda.gov
Bakgrunnsstoff
endre- «Den gamle slektsgården er et moderne fenomen», forskning.no