Slievenamon (irsk Sliabh na mBan) er eit fjell i County Tipperary i Republikken Irland. Det har ei høgd på 721 meter over havet og ligg sør i grevskapet, nær byen Clonmel. Fjellet ligg vest i ei rekkje av låge åsar og Slievenamon skil seg dermed ut med høgda si og gjev eit flott utsyn over grevskapa Tipperary, Kilkenny og Waterford

Slievenamon
fjell
Slievenamon sett frå nordaust
Land  Irland
Fylke Tipperary
Høgd 721 moh.
Primærfaktor 638 m
Koordinatar 52°25′48″N 7°33′47″W / 52.430°N 7.563°W / 52.430; -7.563
Kart
Slievenamon
52°25′48″N 7°33′47″W / 52.43°N 7.563°W / 52.43; -7.563
Wikimedia Commons: Slievenamon

Fjellet skal visstnok ha fått namnet sitt frå ei gamal alvedame eller Feimhin, som forheksa ein krigar med namn Fionn mac Cumhaill og ledsagarane hans. Ei anna segn fortel om korleis Fionn valde ut kven han skulle gifte seg med der kvinnene skulle springe om kapp til toppen av fjellet og møte han der. Den første som nådde toppen var Gráinne, ei som vart kjend i irske segner for å gjerningane ho gjorde med helten Diarmuid.

Kjelder endre