Fionn mac Cumhaill

Fionn mac Cumhaill (i tidlege tekster Finn eller Find mac Cumail eller mac Umaill, anglisert til Finn McCool i den romantiske perioden på 1800-talet) var ein mytisk jeger og krigar i irsk mytologi som òg opptrer i mytologiar i Skottland og på Isle of Man. Forteljingane om Fionn og følgjet hans, Fianna, dannar Fenian-syklusen eller Fiannaidheacht. Mykje av dette skal vera fortald av sonen til Fionn, diktaren Oisín.

Fionn mac Cumhaill kjem for å hjelpa Fianna.

Fionn eller Finn er eigenleg eit tilnamn som på irsk kan tyda 'lys' (i referanse til håret og/eller huda), 'fin', 'kvit' eller 'skinnande'. Namnet hans som barn var Deimne (som kan tolkast som 'tryggleik, pålitelighet'), og fleire legender fortel korleis han fekk tilnamnet Fionn eller Finn då håret hans blei kvitt lenge før han var gammal. Namnet «Fionn» er nærskyldt med det walisiske namnet Gwyn, som i den mytologiske figuren Gwyn ap Nudd, og til den kontinentale romersk-britiske Vindos, som òg er eit tilnamn for ein gud som Belenos.

Ein irsk revolusjonære organisasjon kjend som Fenian Brotherhood i USA tok namnet sitt frå desse legendene på 1800-talet. Det skotske namnet Fingal kjem frå ei attforteljing av desse legendene i episk form av den omstridde skotske poeten James Macpherson på 1700-talet.[1]

Soga endre

Fødsel endre

Dei fleste av dei tidlegaste eventyra til Fionn er gjevne att i forteljinga Fionns dådar i gutteåra. Han var son av Cumhall, leiar av Fianna, og Muirne, dotter av druiden Tadg mac Nuadat som levde i åsen Almu i Kildare. Cumhall hadde bortført Muirne etter at far hennar hadde nekta å gifta henne bort, og Tadg appellerte då til overkongen Conn av dei hundre slaga som lyste Cumhall fredlaus. Slaget ved Cnucha blei så utkjempa mellom Conn og Cumhall. Her blei Cumhall drepen av Goll mac Morna, som blei den nye leiaren av Fianna.

Muirne var allereie svanger, og blei avvist av far sin som gav ordre om at ho skulle brennast. Dette kunne ikkje Conn tillata, og plasserte ho under vern av Fiacal mac Conchinn. Kona hans, druiden Bodhmall, var syster til Cumhall. I Fiacal sitt hus fødde ho ein son som ho kalla Deimne, den seinare Fion mac Cumhaill.

Barneår endre

 
Elva Boyne

Muirne lét guten bli oppfostra av Bodhmall og ei krigarkvinne, Liath Luachra. Han voks opp i løyndom i skogen Sliabh Bladma, der han lærte seg krigskunst og jakt. Då han blei eldre gjekk han i teneste hjå lokale småkongar utan å oppgje det rette namnet sitt, men då dei oppdaga at han var son av Cumhall blei han beden om å dra, ettersom dei ikkje trudde at dei ville greia å stå imot fiendane hans.

Den unge Demne (Fionn) møtte den trolliknande druiden og diktaren Finn Eces, eller Finnegas, i nærleiken av elva Boyne og blei eleven hans. Finn Eces hadde brukt sju år på å freista å fanga ein særskild laks som heldt til i ein dam ved Boyne. Den som åt denne laksen ville få all kunnskap i verda. Til sist greidde han å fanga laksen og bad guten om å koka han for seg. Medan guten laga til maten brann han tommelen sin, og då han stakk tommelen i munnen for å suga på han svelgde han samstundes små restar av laksen. Då druiden fann ut dette gav han Fionn resten av laksen til å eta, og gav han samtidig det nye namnet Fionn. Slik gjekk det til at det var Fionn som fekk allverdas kunnskap. Han visste no korleis han skulle få hemn mot Goll.

Laksen som Fionn åt er ikkje identifisert i teksten som den mytiske kunnskapslaksen, men ein går gjerne ut frå at det er snakk om denne fisken. Forteljinga har ein sterk likskap med den walisiske forteljinga om Gwion Bach eller Taliesin.

Vaksenliv endre

 
Skjebnesteinen Lia Fáil ved Tara

Ein dåd Fionn gjorde var å redda den irske hovudstaden Tara. Kvart år i 23 år ved festen samhain hadde den eldblåsande alven Aillen dyssa folka her i søvn med musikken sin før staden blei brunnen til grunnen. Fianna, leidde av Goll mac Morna, var makteslause til å hindra det. Fionn kom til Tara, væpa med faren sitt traneskinnbag med magiske våpen. Han heldt seg sjølv vaken med spissen av sit eige spyd og deretter drap han Aillen med det. Etter dette blei opphavet hans kjend, og han blei gjeve kommandoenn over Fianna. Goll gjekk velvillig til side og blei ein lojal tilhengar av Fionn, sjølv om mange forteljingar fortel at alliansen deira er vanskeleg og stridig. Fionn kravde erstatning for døden til far sin av Tadg, og truga med krig og tvikamp mot han om han nekta. Tadg tilbaud han heimen sin, Alans ås, og Fionn tok imot dette tilbodet.

Kjærleiksliv endre

Fionn møtte den best kjende kona si Sadhbh medan han var på jakt. Ho bar blitt forvandla til eit dådyr av ein druide, Fear Doirich (som tyder 'Mørk mann'), då ho nekta å gifta seg med han. Hundane tl Fionn, Bran og Sceolan, hadde ein gong vore menneske sjølv, og kjende att mennesket i dådyret. Fionn drap det derfor ikkje. Same augneblunken ho sette føtene på landet til Fionna blei ho forvandla tilbake til ei ven kvinne, men det var berre på denne staden ho hadde den sanne forma si. Ho gifta seg med Fionn og blei snart med barn Medan Fionn var vekke og forsvarte landet kom Fear Doirich tilbake og forvandla ho til eit dådyr på nytt, og ho forsvann. Fionn leitte etter ho i årevis, utan å finna henne. Likevel blei han seinare sameint med sonen deira, Oisín, som sidan blei til ein av dei beste blant Fianna.

I Forfølginga av Diarmuid og Gráinne, ei av dei best kjende forteljingane i syklusen, lovar overkonge Cormac mac Airt bort dottera si Gráinne som brur til den no aldrande Fionn, men Gráinne blir i staden forelska i ein annan frå Fianna, Diarmuid Ua Duibhne. Det forelska paret flyktar av stad, men Fionn tek opp jakta på dei. Paret fekk hjelp frå fosterfaren til Diarmuid, guden Óengus. Til sist sluttar Fionn fred med det unge paret. Fleire år seinare inviterer Fionn den tidlegare rivalen Diarmuid på bjørnejakt, og Diarmuid blir frykteleg kvesta av ein bjørn. Vatn som blir drukke frå Fionn sine hender har heilande kraft, men når Fionn samlar vatn mellom hendene sine lèt han det med vilje sildra ut mellom fingrane før han kjem attende til Diarmuid. Barnebarna hans trugar han til å gje vatn til Diarmuid, men når Fionn endeleg kjem med vatnet er det for seint, Diarmuid har døydd av skadane.

Død endre

Forteljingane om korleis Fionn døyr varierer. Den mest populære forteljinga er at han ikkje døydde i det heile, men søv i ei hòle nær Dublin, omgjeven av resten av Fianna. Ein dag vil dei vakna opp og forsvara Irland i den vanskelegaste tida til landet. Ei overlevering seier at dei vil vakna når Dord Fiann (Fionn sitt jakthorn) har gjeve lyd tre gonger, og dei vil då vera like sterke som dei alltid har vore.[2] Dette kan vera eit lån eller ei forveksling med kong Arthur og riddarane av det runde bordet.

Fionn som kjempe endre

 
The Great Stone of Fourstones i England skal ha blitt kasta mot England av Finn McCool

Fleire stadar og særeigne geografiske trekk er blitt tilskrivne Fionn. Ei soge seier at han laga Giant's Causeway, ein stad i nord på Irland som består av formasjonar av rundt 40 000 svarte steinar forma som polygonar, for å få ei bru til Skottland slik at han ikkje blei våt på beina. Han skal òg ha skuffa opp delar av Irland for å kasta dei mot ein rival, men traff ikkje og jorda hamna langt ute i Irskesjøen og vart til øya Man. Staden der han grov opp jorda blei til innsjøen Lough Neagh. Fingal's Cave i Skottland har namn etter han, men dette kom til seinare i kjølvatnet av begeistringa for James Macpherson. Det opphavlege gæliske namnet til grotta var Uamh-Binn.

Newfoundland, og nokre deler av Nova Scotia, er «Fingal's Rising» nemnd med ei særiean nasjonalistisk tyding. Gjennom songar er det blitt utbreidd å tala om «Fingle», slik namnet hans òg kan uttalast på engelsk (i motsetnad til «Fion MaCool», ei form for Newfoundland-irsk) er tidvis nytta som ei omskriving for Newfoundland eller kulturen der.

I folkeminne på Man er Fionn ei kjempe kjend som Finn MacCooill. Ei munter forteljing om han fortel at han ein gong kom til øya og då blei oppsøkt av ein mansk buggane, ei form for troll, som ville slåst med den kjende irske helten.[3] Finn ville unngå strid og gøymde seg i ei krybbe medan kona hans underheldt bugganen og lét som om ektemannen var barnet hennar. Ho gav bugganen ei kake med jarn i, noko han ikkje klarte å eta, og fekk då vita at mannen hennar alltid åt slike kaker. Ho gav så ei anna kake til Finn i krybba som åt henne utan vanskar. Då bugganen såg at barnet var så sterkt kom han i tankar om kor sterk Finn måtte vera, og fann ut at han hadde noko betre å gjera eit annan stad.

Seinare kom dei to likevel til å møtast på sørenden av Man i det området som tidlegare heitte Kirk Christ Rushen, i dag Rushen, og dei utkjempa ein stor strid. Føtene til Finn sparka bort jorda slik at det blei ein kanal mellom øya Calf of Man og den mindre øya Kitterland, og endå ein kanal mellom Kitterland og Man. Føtene til bugganen ved Port Erin laga opninga som sidan blei til hamna der. Til sist fekk bugganen overtaket og ein såra Finn måtte flykta. Finn hadde den eigenskapen at han kunne gå på vatnet, noko bugganen ikkje kunne. Rasande reiv bugganen opp eit stort stykke med torv og kasta den etter den irske kjempa, men bomma. Dette blei sidan til Chicken Rock, den sørlegaste øya ved Man. Finn snudde seg og forbanna denne vesle øya. Det skal vera derfor at ho sidan blei til ein stor fare for skip og sjøfolk.

I moderne litteratur endre

 
Malvine døyr i armane på Fingal, måleri ved Anne-Louis Girodet de Roussy-Trioson
 
Ossians draum, Jean Auguste Dominique Ingres, 1813

I 1761 annonserte James Macpherson «oppdaginga» av eit epos skrive av Ossian (Oisín) på skotsk-gælisk om emna «Fingal» (Fionnghall i tydinga 'kvit framand':[4] det er blitt antyda at Macpherson gav att namnet som Fingal på grunn av ei villfaring om namnet som i den gammalgæliske verda ville ha opptredd som Finn.[5]). I desember 1761 gav han ut han Fingal, an Ancient Epic Poem in Six Books («Fingal, eit eposdikt frå oldtiden i seks bind»). Diktsyklusen hans fekk omfattande gjennombrot og begeistra diktarar som Goethe og den unge Walter Scott, men det blei etterkvart strid om utgangspunktet for Macpherson sin påstand om at han hadde omsett dikta frå verk frå oldtidskjelder.[6] Kor ekte dei gamle dikta var blei sådd tvil om allereie då, sjølv om dei i beste fall kan ha bygd på fragment i gæliske soger. Macpherson heldt fast på at han sjølv ikkje var forfattaren, men «omsetjaren». I alle høve hadde dikta ein viktig påverknad på litteraturen i romantikken på 1800-talet.

Ei forteljing om kampen mellom Fionn MacCumhail, som i denne historia skal ha budd i dalen Glencoe i Skottland, og ein hær av vikingar leidde av Earragan, blir fortald i boka Glencoe: The Story of the Massacre (1966) av John Prebble.[7] Her blir det fortald om førti vikinggaleiar som kom opp ved Ballachulish og inn i sjøen Loch Leven, og den påfølgjande kampen mellom nordbuarane og Feinn i dalen Glencoe. Her blei Earragan drepen av Goll MacMorna.

Fionn mac Cumhaill opptrer hyppig i moderne irsk litteratur. Mest kjend er dei gjentekne opptredande i James Joyces Finnegans Wake, og tittelen er truleg teke frå den folkelege balladen «Finnegan's Wake», som kan vera ein samantrekking av «Finn again is awake» som viser til korleis skulle vakna for å forsvara Irland.

Fionn opptrer òg som ein figur i Flann O'Brien sin komiske roman At Swim-Two-Birds (1939) i avsnitt som fungerer som parodiar på den litterære stilen til irske mytar. Morgan Llywelyn si bok Finn Mac Cool (1994) fortel om framgangen til Finn som leiar av Fianna og kjærleiksforteljingane frå livet hans. Figuren er òg omtalt i songen «The Legend of Finn MacCumhail» til den Boston-baserte musikkgruppa Dropkick Murphys på albumet Sing Loud Sing Proud! (2001):

Known as a hero to all that he knew,
long live the legend of Finn MacCool!
The brave celtic leader of the chosen few,
long live the legend of Finn MacCool!

Den samtidige skotske poeten Marie Marshall har skrive delvis seriøse balladar som parodierer stilen til mellomalderdyrkinga på 1800-talet; How Finn McCool became Lord of Tara. Denne fortel om korleis Finn redda adelsfamilien Tara frå dei vonde forheksinga til Allan-of-the-Harp, ein alvekonge med eit hat mot menneskeleg framgang:

The harping of the evil elf –
In mystery was Tara cloaked –
Until young Finn McCool himself
The right of rest and board invoked
One summer’s end, and joined their feast.

I ein diskusjon om Tom O' Neills noko uærbødige bok med «nye» forteljingar om Fionn Mac Cumhaill, har Gary Chapman hevda at moderne attgjevingar av irske legender som heltesyklusen og forteljingar om Finn McCool møter interessante utfordringar om dei gjer magien levande for dagens lesarar.[8][9] Med denne boka som bakteppe diskuterer han dei utfordringane som dagens forfattarar har i forsøket på å halda ånda i heltelegendene levande i moderne litteratur.

Kjelder endre

  1. ”Fingal”, behind the Name
  2. Augusta, Lady Gregory: Gods and Fighting Men, i kapittelet «The Last of the Great Men», s. 290
  3. Morrison, L.: Manx Fairy Tales, Peel, 1929
  4. Behind the Name: Fingal
  5. Noter til førsteutgaven, arkivert frå originalen 16. oktober 2013, henta 24. juni 2020 
  6. Den fulle tittelen var faktisk Fingal, an Ancient Epic Poem in Six Books, together with Several Other Poems composed by Ossian, the Son of Fingal, translated from the Gaelic Language
  7. Prebble, John: Glencoe: The Story of the Massacre, Secker & Warburg, 1966
  8. The Lost Tales of Fionn Mac Cumhaill
  9. Finn McCool, Finn MacCool, og Fion MacCumhaill er blant de mest vanlige gjengivelser av navnet til helten i Chapmans artikkel.