Smånarsiss

planteart

Smånarsiss (Narcissus ×cyclazetta) er ei plante i påskeliljeslekta i påskeliljefamilien.[1] Arten er ein hybrid som kan ha oppstått spontant i Frankrike med cyclamennarsiss og tasett som foreldreartar (N. cyclamineus × N. tazetta).[2]

Smånarsiss
Status
Status i Noreg: Framandart med potensielt høg risiko
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Aspargesordenen Asparagales
Familie: Påskeliljefamilien Amaryllidaceae
Underfamilie: Amaryllidoideae
Stamme: Narcisseae
Slekt: Påskeliljeslekta Narcissus
Art: Smånarsiss N. ×cyclazetta
Vitskapleg namn
Narcissus ×cyclazetta

I Noreg er arten ein framandart som er innført som prydplante og vart funnen forvilla i 1993. Han er i auke og veks spreidd i kyststrøk og låglandet frå Østfold til Mandal, med einskildfunn vidare til Møre.[2]Framandartslista 2023 er arten registrert med potensielt høg risiko (PH),[3] oppgradert frå låg risiko (LO) i 2018.[4]

Kjelder

endre
  1. «Artsdatabanken: Smånarsiss». Artsdatabanken. Henta 9. mars 2023. 
  2. 2,0 2,1 Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 211. 
  3. «Fremmedartslista 2023: smånarsiss Narcissus ×cyclazetta Chater & Stace». Framandartslista 2023. Artsdatabanken. 11. august 2023. Henta 12. februar 2024. 
  4. «Fremmedartslista 2018: Narcissus × cyclazetta smånarsiss». Framandartslista 2018. Artsdatabanken. 24. april 2018. Henta 9. mars 2023. 

Bakgrunnsstoff

endre