Påskeliljeslekta
Påskeliljeslekta (Narcissus) er ei slekt i underfamilien Amaryllidoideae i påskeliljefamilien (også kjend som amaryllisfamilien og laukfamilien). Plantane i slekta er kjende som narsissar i gartnarsamanheng. Narsiss er blomen som ifølgje greske soger voks fram på staden der Narkissos døydde.
Påskeliljeslekta | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Aspargesordenen Asparagales |
Familie: | Påskeliljefamilien Amaryllidaceae |
Underfamilie: | Amaryllidoideae |
Stamme: | Narcisseae |
Slekt: | Påskeliljeslekta Narcissus L., 1753 |
Slekta omfatter fleirårige urtevekstar med laukar. Plantane i slekta har grunnstilte, linjeforma blad som veks fram samtidig med blomane. Blomestengelen er hol og har éin eller fleire blomar. Blomane kan ha kvite, gule eller oransje fargar. Dei har seks blomsterdekkblad. Innanfor blomsterdekket er det ei bikrone, som ofte har ein annan farge.
Påskeliljeslekta er utbreidd i Europa og middelhavslanda og er rikast utvikla i det vestlege middelhavsområdet. Omfattande dyrking byrja i Nederland på 1500- og 1600-talet. Både villartane og ei rekkje kultivarar og hybridar er populære hageplantar, snittblomar og kan brukast til driving innandørs. Dei dyrka narsissane deler ein i 13 ulike klassar.
Alle artane er giftige og inneheld alkaloidet lycorin. Blomsterdekoratører og andre som har hudkontakt med narsissar kan utvikla eksem mot dei.
Artar
endreDesse artane er registrerte i naturen i Noreg:[1][2]
- pinselilje (N. poeticus), framandart, tradisjonell produksjonsart, potensielt høg risiko (PH) i Framandartslista 2023[3]
- edelnarsiss (N. ×incomparabilis), framandart, potensielt høg risiko (PH)[3]
- påskelilje (N. pseudonarcissus), framandart, tradisjonell produksjonsart, potensielt høg risiko (PH)[3], med underartane
- nominatunderarten lita påskelilje (N. pseudonarcissus ssp. pseudonarcissus)
- stor påskelilje (N. pseudonarcissus ssp. major), potensielt høg risiko (PH)[3]
- smånarsiss (N. ×cyclazetta), framandart, potensielt høg risiko (PH)[3]
- bukettnarsiss (N. ×medioluteus), framandart, einskildfunn, ikkje risikovurdert
Andre artar:
- miniatyrnarsiss (N. asturiensis)
- basunnarsiss (N. bulbocodium)
- cyklamennarsiss (N. cyclamineus)
- sivnarsiss (N. jonquilla)
- N. papyraceus
- bleiknarsiss (N. rupicola)
- tasett (N. tazetta)
- tårenarsiss (N. triandrus)
Kjelder
endre- ↑ Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 210–211, 1149.
- ↑ «Artsdatabanken: Namnetre påskeliljeslekta». Artsdatabanken. Henta 6. mars 2023.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 «Fremmedartslista 2023». Framandartslista 2023. Artsdatabanken. 11. august 2023. Henta 12. februar 2024.
- Blamey, M.; C. Grey-Wilson (2004). Wild Flowers of the Mediterranean (2 utg.). A & C Black. s. 491–492. ISBN 0-7136-7015-0.
- Grey-Wilson, C.; M. Blamey; T. Faarlund; P. Sunding (norsk utg.) (1992). Teknologisk Forlags store illustrerte flora for Norge og Nord-Europa. Teknologisk Forlag. s. 464–465. ISBN 82-512-0355-4.
- Månsson, L. (2000). Gyldendals bok om løker og knoller. Gyldendal fakta. s. 143–152. ISBN 82-05-27134-8.
- Polunin, O.; A. Huxley; P. Sunding (norsk utg.) (1978). Middelhavsflora. NKI-Forlaget. s. 215–216. ISBN 82-562-0490-7.
- Den store hageboken. Det Beste. 1973. s. 386–389. ISBN 82-7010-019-6.
- «Narcissus». Euro+Med Plantbase - the information resource for Euro-Mediterranean plant diversity. Henta 26. november 2016.
- «Narcissus». Flora Ibérica (PDF) (på spansk) XX. RJB/CSIC. s. 340–397.
- Denne artikkelen bygger på «Påskeliljeslekta» frå Wikipedia på bokmål, den 24. april 2017.
Bakgrunnsstoff
endre