Småsmelle
Småsmelle (Atocion rupestre) er ein urt i nellikfamilien. Utbreiingsområdet er avgrensa til Europa. Planta er kring 15 cm høg og er greina frå grunnen, snau og blågrøn. Ho har mange små blomstrar på granne skaft. Berget er bleikgrønt og 5-6 mm langt. Blomstrane har kvite kronblad. Småsmelle blømer kring juli på berg og knausar. Arten finst over heile Noreg, på Hardangervidda opp til 1350 m.
Småsmelle | |
Småsmelle | |
Status | |
Status i Noreg: Livskraftig | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Nellikordenen Caryophyllales |
Familie: | Nellikfamilien Caryophyllaceae |
Underfamilie: | Caryophylloideae |
Stamme: | Sileneae |
Slekt: | Atocion |
Art: | Småsmelle A. rupestre |
Vitskapleg namn | |
Atocion rupestre |
Kjelder
endre- Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.
- Denne artikkelen bygger på «Bergglim» frå Wikipedia på svensk, den 2. september 2010.
Bakgrunnsstoff
endre- (no) Småsmelle hos Artsdatabanken
- (en) Småsmelle i Encyclopedia of Life
- (en) Småsmelle i Global Biodiversity Information Facility
- (en) Småsmelle hos ITIS
- (en) Småsmelle hos The International Plant Names Index
- (en) Småsmelle hos Tropicos
- (en) Kategori:Atocion rupestre – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Atocion rupestre – detaljert informasjon på Wikispecies