Smaalenenes Avis er ei avis som vert utgjeven i Askim i Østfold. Ho er lokalavis for innbyggjarane i Indre Østfold kommune, Marker kommune og Skiptvet kommune i indre (nordre) Østfold.

Smaalenenes Avis
LandNoreg
TypeAvis
Grunnlagd1899
EigararSmaalenene Medier
SpråkNorsk
HovudkvarterAskim kommune
Nettstadhttp://www.smaalenene.no/

Denne lokalavisa er ei arv frå avisene Øvre Smaalenene og Indre Smaalenenes Avis, som vart slegne saman til Smaalenenes Avis 3. februar 2003, og Østfold-Posten som vart lagt inn i Øvre Smaalenene i 1990.

Avisa kjem ut seks dagar i veka (måndag-laurdag). Smaalenenes Avis høyrer til mediehuset Indre/Follo og er eigd av A-pressen. Jarle Bentzen er ansvarleg redaktør/adm.dir. i Smaalenenes Avis og mediehussjef.

Opplagstal endre

Utvikling i nettoopplag.[1]

År Nettoopplag

2004 13 976
2005 13 936
2006 13 872
2007 13 370
2008 13 305
2009 13 230
2010 12 894
2014 11 424

Kjelder endre

  1. Mediebedriftenes Landsforening Opplag- og lesartal. Nettoopplaget er eit mål for betalt opplag.

Bakgrunnsstoff endre