Skiptvet kommune

kommune i Østfold

Skiptvet er ein kommune som ligg i Østfold fylke, om lag 70 km frå Oslo. Flatevidda er er 101,6 km², der 33 km² er jordbruksareal og 42 km² er produktiv skog. Kommunen grensar mot Våler i vest, Indre Østfold i nord og aust, Rakkestad i aust, og Sarpsborg i sør. Høgaste punkt er Jonsrudåsen, 225 moh. På det lokale talemålet vert kommunen omtala som Skjetve, og ein som kjem frå kommunen er ein skjetving.

Skiptvet kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Østfold
Adm.senter Skiptvet
Areal 101,20 km²
 - land 100,90 km²
 - vatn 0,30 km²
Folketal 3 919  (1. januar 2024)
Målform bokmål
Ordførar [Cecilie Agnalt]] (Ap)
Kommunenr. 3116
Kart
Skiptvet
59°28′50″N 11°08′40″E / 59.480555555556°N 11.144444444444°E / 59.480555555556; 11.144444444444
Wikimedia Commons: Skiptvet
Nettstad: www.skiptvet.kommune.no

Historie endre

Ein reknar med at dei fyrste menneska slo seg ned i Skiptvet for kring åtte tusen år sidan. Spesielt slo mange seg ned i områda ved vassdraget Glomma, der det var gode leveforhold. I mellomalderen var Skiptvet ein del av Vingulmork, som seinare vart kjend som Østfold.

Namnet Skiptvet skal vera ei samansetting av to ord. Fyrste delen kan vera Skagi, som på norrønt språk tyder «noko som rager opp i landskapet». Ei anna tolking kan vera mannsnamnet Skeggi, «mann med skjegg». Siste delen av namnet, -tveit, er vanleg i gardsnamn frå vikingtida, og tyder «eit lite jordstykke». Den innkotne p-en er eit typisk eksempel på sekundær etymologisering.

Det har ikkje vore mykje industri i Skiptvet, men det fyrste føretaket som vart oppretta heitte Skiptvet meieri. Kring dette meieriet voks det fram ein liten tettstad. Området er i dag sentrum for kommunen, med namnet Meieribyen.

Biletgalleri endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Skiptvet kommune