60°08′00″N 15°25′00″E / 60.13333°N 15.41667°E / 60.13333; 15.41667

Smedjebackens Kyrkja gate

Smedjebacken er ein svensk by og centralort i Smedjebackens kommun i Dalarnas län i landskapet Dalarna. I 2005 hadde byen 5 121 innbyggjarar. Tettstaden ligg ved sjøen Norra Barken, omtrent fire mil sør for Borlänge.

Historie endre

 
Norrbärke kyrkje

På 1300- eller 1400-talet vart det oppført ei steinkyrkje i By i Norrbärke. Kyrkja vart bygd ut til si noverande form mellom 1661 og 1724. Inventaret i kyrkja kom for ein stor del frå soknet sine brukseigarar.

Kyrkja var eit kapell i Söderbärke sokn fram til 1646, då Norrbärke blei skilt ut som eige sokn.[1]

I området hadde det lenge eksistert små smier, og i 1631 vart det på same stad som dagens stålselskap Ovako bygt ei bergsmannssmie. Byen voks med tida òg fram som eit kommunikasjonssenter, sidan både landverts- og vassvegar møtest her. Her låg òg ei hamn for utskiping av jarn frå smelteverket og smiene i området.

Hamna vart endå viktigare i 1795 då Strömsholms kanal stod ferdig med det nordre endepunktet sitt i Smedjebacken. Busetnaden voks på den tida fram langs Kyrkogatan. Den største utvidinga av staden kom etter 1856 då Smedjebackens Walsverk og jernbanesambandet med Ludvika stod ferdig. For å møte den auka etterspurnaden etter bustader vart det no oppført hus òg i Västansjö sør for Kolbäcksån, og på staden stod den nye jernbanestasjonen klar i 1900. Same år vart Smedjebacken eit municipalsamhälle og 18 år seinare köping. I dag blir den tidlegare hamna berre brukt av fritidsbåtar.

I Smedjebackens gammalgard finst ein del maskinar av Christopher Polhem, og 15 gamle bygningar, mellom anna Bellmangården, som tilhøyrte Carl Michael Bellmans mormors far.[1]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Olof Thaning (1982):Sverigeboken, Det Bästas bokförlag, ISBN 91-7030-065-8

Bakgrunnsstoff endre