Christopher Polhem

svensk oppfinnar og fysikar

Christopher Polhem (ca. 18. desember 166130. august 1751) var ein svensk oppfinnar og industrimann. Han var verksam i den svenske gruvenæringa og stod bak ei rekkje oppfinningar og utbetringar, til dømes heisetransportsystem, gravemaskinar, gruvepumper og bruer.

Christopher Polhem

Christopher Polhem dekorert med Nordstjärneorden. Portrett frå 1741 av Johan Henrik Scheffel.
Fødd18. desember 1661
Tingstäde församling
Død30. august 1751
Stockholm, Maria Magdalena församling
NasjonalitetSverige
Områdemekanikk
Yrkefysikar, oppfinnar, gründer, industrileder, matematikar
Alma materUppsala universitet
Universitetet i Harderwijk
BarnGabriel Polhem, Emerentia Polhem, Maria Polhem
MedlemKungliga Vetenskapsakademien
Minnemerke over Christopher Polhem i Göteborg oppført i 1951).

Christopher Polhem, som opphavleg heitte Polhammar, vart fødd i bygda Tingstäde på Gotland. Faren døydde tidleg og Polhem måtte alt som ung klare seg sjølv. Han arbeidde som gardsgut i Uppland. Han vart immatrikulert ved Uppsala universitet 16 år gamal i 1687. Dei tre fyrste åra studerte han matematikk for professor Anders Spole.

Polhem vart namngjeten då han klarte å reparere det gamle urverket til domkyrkja i universitetsbyen. Polhem vart deretter kalla til Bergskollegium i Stockholm. Han vart spandert på, drog på studietur til utlandet åra 1694–1696. Polheim reiste i lag med Samuel Buschenfelt, titulert markscheider. Dei reiste til kontinentet og til England.

Polhem grunnla i 1697 instituttet Laboratorium mechanicum, som var meint å utdanne ingeniørar, men skulen stengde etter nokre få år. I utviklingsarbeidet laga Polhem massevis av konstruksjonmodellar av tre. Desse vart i 1756 samla til ei eige utstilling: Kongliga modellkammaren. Nokre få tremodellar vert i dag synte fram på Teknisk museum i Stockholm.

I 1699 starta Polhem industrianlegget Stjärnsunds bruk i Dalarna. Formålet var å starte masseproduksjon av forbruksvarer med hjelp av maskinar drivne med vasskraft. Stjärnsunds bruk produserte mellom anna urverk, tallerkar og lås.

Åra 1710-1716 arbeidde Polhem som teknisk direktør for kopargruva i Falun. Polhem vart i 1714 utnemnd til leiar for Kommerskollegium. I 1716 fekk han tittelen kommerseråd samt vart adla.

Kjelder endre