Snøbriller
Snøbriller (inuktitut ilgaak eller iggaak, stavingsskrift ᐃᓪᒑᒃ eller ᐃᒡᒑᒃ, alaskayupik nigaugek, nigauget) er utstyr tradisjonelt nytta av inuittar og yupikfolk for å verna augo mot snøblinde.[1]
Vernebrillene blei tradisjonelt laga av rekved (særleg frå gran), bein, kvalrosstenner og reingevir,[1] eller i nokre høve strandgras.[2] Dei er skorne ut for å passa rundt fjeset til brukaren, med ei eller fleire utskorne smale horisontale spalter.[3] Brillene sit tett rundt fjeset slik at lys berre kjem inn gjennom spaltene, og av og til blir det brukt sot på innsida for å redusera gjenskin.[1][4][5] Spaltene er laga smale ikkje berre for å redusera mengda av lys som kjem inn, men også for å betre visus eller synsskarpleiken.[1] Vidare spalter gjev eit større synsfelt.[1]
Ordsoge
endreSom med andre inuittiske ord finst det ulike nemningar ulike stader, som med inukhuk/inuksuk.[6][7] I Kivalliq blir dei kalla ilgaak (ᐃᓪᒑᒃ) medan dei på Nord-Baffinøya blir kalla iggaak (ᐃᒡᒑᒃ). Begge orda kan også brukast om solbriller.[8]
På alaskayupik blir snøbruller kalla nigaugek, medan på cup'ig blir dei kalla igguag. På sibirsk yupik er nemninga iyegaatek.[3]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Inuit Snow Goggles ved Vancouver Maritime Museum
- ↑ «Things Made from Grass». Arkivert frå originalen 14. november 2017. Henta 4. desember 2022.
- ↑ 3,0 3,1 Smithsonian Institution, St. Lawrence Island Yupik Snow Goggles Arkivert 2015-08-10 ved Wayback Machine.
- ↑ «Snow goggles helped Arctic people survive». December 2007.
- ↑ «Yup'ik Snow Goggles». Smithsonian Institution. Arkivert frå originalen 29. november 2014. Henta 4. desember 2022.
- ↑ «inuksuk». Asuilaak Living Dictionary. Arkivert frå originalen 15. juni 2020. Henta 22. november 2012.
- ↑ Ohokak, G.; M. Kadlun; B. Harnum. Inuinnaqtun-English Dictionary. Kitikmeot Heritage Society.
- ↑ Asuilaak Living Dictionary - snow goggles, arkivert frå originalen 14. april 2020, henta 4. desember 2022
- Denne artikkelen bygger på «Snow goggles» frå Wikipedia på engelsk, den 4. desember 2022.