Inuksuk
Inuksuk (fleirtal inuksuit;[1] også inukshuk[2] (frå inuktitut ᐃᓄᒃᓱᒃ inukhuk på inuinnaqtun,[3] iñuksuk på iñupiaq og inussuk på grønlandsk) er ein type menneskelaga landemerke eller varde av stein laga av inuittar, yupikfolk og andre folkegrupper frå den arktiske delen av Nord-Amerika. Desse byggverka finst på Grønland og i Nord-Canada og Alaska i USA. Heile denne regionen ligg nord for polarsirkelen og er prega av tundra der det er område med få naturlege landemerke.
Historisk kan inuksukar ha blitt brukt til navigasjon og som referansepunkt, som markørar for reiseruter, fiskeplassar, leirar, jaktstader, heilage stader, gjerde brukte til jakt[4] eller til å markera eit matlager.[5] Iñupiatfolk i Nord-Alaska brukte inuksukar til å hjelpa seg til å gjeta karibu inn i særskilde område for å slakta dei.[6] Inuksukar kan ha ulike former og storleikar, og har gamle røter i inuittisk kultur.[7]
Historisk var den vanlegaste typen inuksuk bygd med stein sett oppå stein. Den enklaste typen er ein enkeltstein som er blitt sett på langkant.[8] Storleiken til nokre inuksukar tyder på at dei blei sette opp i fellesskap.[9]
Inuksuk Point (Enukso Point) på Baffinøya har over 100 inuksukar. Staden blei erklært National Historic Site of Canada i 1969.[10][11]
Namn
endreOrdet inuksuk tyder 'det som opptrer som eit menneske'.[12] Det er sett saman av inuk ('person')[13] og -suk ('erstatting'). Ordet har forma inutsuk i Nunavik og sør på Baffinøya. I mange dialektar frå sentrale Nunavut har det det nærskylde namnet inuksugaq (fleirtal inuksugait).
Ei særskild form for inuksuk kalla inunnguaq (ᐃᓄᙳᐊᖅ, 'imitasjon av ein person', fleirtal inunnguat) er laga for å representera ein menneskefigur. Inunnguaq er blitt kjende for ikkje-inuittar, og blir særleg funne på Grønland.[14]
Moderne bruk
endreInuksukar har blitt ei inuittisk kulturelt symbol. Ein inuksuk er avbilda i midten av flagget og våpenskjoldet til det kanadisk territoriet Nunavut og flagget til Nunatsiavut. Inuksuk High School i Iqaluit har namn etter strukturen.
Strukturane har i aukande grad blitt brukte som eit nasjonsymbol for Canada, særleg inunnguaq-varianten.
13. juli 2005 bygde kanadisk militærpersonell ein inuksuk, i lag med ein plakett og eit kanadisk flagg, på Hans Øy som del av ein langvarig konflikt mellom Canada og Danmark om den vesle øya i Arktis.[15] Det er reist inuksuk-strukturar i heile landet, ofte som generelle portalar til turistområde, mellom anna ein inuksuk på 9 meter (30 ft) i Toronto ved breidda av Ontariosjøen. Strukturen står i Battery Park, og er til minne om festival World Youth Day 2002 som blei halden i byen i juli 2002.
Ein inunnguaq danna basis for logoen til Vinter-OL 2010 utforma av kunstnaren Elena Rivera MacGregor frå Vancouver. Denne bruken skapte ein viss kontrovers blant inuittar og First Nations-folk i Britisk Columbia.
Dei kanadiske styresmaktene har gjeve autentiske inuksukar til fem ulike stader i andre land: I Brisbane i Australia,[16] Monterrey i Mexico, Oslo i Noreg, Washington, D.C. i USA og Guatemala by i Guatemala.[17]
Ein inuksuk gjeven av Canada blei bygd i Monterrey i Mexico i oktober 2007 av inuvialuitkunstnaren Bill Nasogaluak frå Tuktoyaktuk. Skulpturen blei gjeven til folket i delstaten Nuevo León som ei gåve frå Monterrey-avdelinga av Canadian Chamber of Commerce in Mexico og dei kanadiske styresmaktene i høve tiårsjubileet til avdelinga. Skulpturen står ved den kunstige elva Paseo Santa Lucía. Nasogaluak valde personleg ut stein til strukturen frå eit lokalt steinbrot i nærleiken av Monterrey. Inuksuken inneheld også to steinar kunstnaren tok med seg frå Canada til Mexico, ein frå Arktis og ein frå heimbyen hans Toronto. Saman dannar dei hjartet til inuksuken.
Ein inuksuk blei også brukt som symbol ved Summit of the Americas, fordi han var knytt til «guidance and unity ... towards common goals.»[18]
Nasjonalparkarbeidarar i heile tek stadig vekk ned inuksukar reiste av camping- og fotturistar, for at dei ikkje skal villeia vitjande frå vardar og andre landemerke som viser turstiane. Praksisen med å reisa inuksukar i parkar er blitt så vanleg at Killarney provinspark, på nordkysten av Georgian Bay i Ontario, sende ut ei melding i 2007 der dei bad vitjnade om å «stoppa invasjonen» av inuksukar.[19]
Det er også blitt reist mange inuksukar i nokre område langs Trans-Canada Highway, mellom anna i Nord-Ontario. I 2010 telte ein journalist frå Northern Life i Sudbury 93 inuksukar langs Highway 69 mellom Sudbury og Parry Sound.[20]
I 2015 reiste ei lita gruppe kvinner nær Hamilton i Ontario 1181 inuksukar langs Chedoke Rail Trail for å minnast og få merksemd kring forsvunne og drepne urfolkskvinner (Missing and Murdered Indigenous Women), og oppmoda styresmaktene til å ta tak i problemet. Dette var ei av mange former for aktivisme kring saka i heile landet, og den nyvalde regjeringa sa dei ville utføra ei nasjonal gransking.[20]
Ifølgje Guinness rekordbok er den høgaste inuksuken i verda i Schomberg i Ontario. Han blei bygd i 2007, og er 11 377 meter høg.[21]
Ved 20-årsjubileet for Roma-vedtektene i 2018 gav den kanadiske justisministeren Jody Wilson-Raybould ein inuksuk til Den internasjonale straffedomstilen for å markera støtte til domstolen[22] og som symbol på at Canada var forplikta til forsoning med urfolka i landet. Han blei avduka av henne og den øvste dommaren ved domstolen, Silvia Fernández de Gurmendi, ved domstolsbygningen i Haag.[23]
I populærkulturen
endreDet kanadiske rockebandet Rush hadde ein inuksuk på platealbumet til Test for Echo frå 1996.
Galleri
endre-
Inukshuk som markerer området til Canada i Auroville i Tamil Nadu i India
-
Inuksuk i nærleiken av Kuujjuarapik i Quebec
-
Inuksukhage ved Peggy's Cove i Nova Scotia i Canada
-
Ein inuksuk ved Nasjonalforsamlinga i Quebec by
-
Inuksuk ved vatnet i Sẁiẁs provinspark ved Osoyoossjøen i Britisk Columbia
-
Inuksukskulptur av David Ruben Piqtoukun i lobbyen til den kanadiske ambassaden i Washington, D.C.
-
Liten inuksuk i Drumheller i Alberta
-
Kandahar-inuksuk i juni 2018
-
Plakett ved Kandahar-inuksuken
Kjelder
endre- ↑ Spalding, Alex; Thomas Kusugak (1998). Inuktitut: A Multi-dialectal Outline Dictionary. ISBN 978-1-896204-29-1.
- ↑ «Inukshuk». Asuilaak Living Dictionary. Henta 16. februar 2007.[daud lenkje]
- ↑ Ohokak, G.; M. Kadlun; B. Harnum. Inuinnaqtun–English Dictionary. Kitikmeot Heritage Society. Arkivert frå originalen 2. april 2015. Henta 27. desember 2014.
- ↑ Gray, Charlotte (2004). The Museum Called Canada, 25 Rooms of Wonder. Toronto: Random House Canada. ISBN 978-0679312208.
- ↑ «The Inuit Inukshuk». Simon Fraser University. Arkivert frå originalen 23 December 2012. Henta 1. januar 2013.
- ↑ 28 Ethnobiology Conference Abstracts Arkivert 2008-05-30 ved Wayback Machine.
- ↑ The Inuit Inukshuk
- ↑ Hallendy, Norman (8 December 2020). «Inuksuk (Inukshuk)». The Canadian Encyclopedia. Historica Canada.
- ↑ Gray, Charlotte (2004). The Museum Called Canada, 25 Rooms of Wonder. Toronto: Random House Canada. ISBN 978-0679312208.
- ↑ «Inuksuk National Historic Site of Canada». Directory of Federal Heritage Designations, Parks Canada. Henta 22 July 2021.
- ↑ Inuksuk National Historic Site of Canada. Canadian Register of Historic Places.
- ↑ Hallendy, Norman (2009). Tukiliit: An introduction to inuksuit and other stone figures of the North. Vancouver, British Columbia: Douglas & McIntyre and University of Alaska Press. s. 60. ISBN 9781553654247.
- ↑ «LivingDictionary.com - Online casino dictionary». www.livingdictionary.com. Henta 29. november 2020.
- ↑ Fitzhugh, William W. (1. mars 2017). «Mongolian Deer Stones, European Menhirs, and Canadian Arctic Inuksuit: Collective Memory and the Function of Northern Monument Traditions». Journal of Archaeological Method and Theory 24 (1): 149–187. ISSN 1072-5369. doi:10.1007/s10816-017-9328-0.
- ↑ Press release from the Government of Canada, Foreign Affairs and International Trade. Google cache copy[daud lenkje].
- ↑ «Australian Bicentenary | Monument Australia». monumentaustralia.org.au. Henta 19. juni 2021.
- ↑ Green, Sarah. "Inuit art finds home in Mexico", Toronto Sun, 2 Nov 2007, Retrieved 2007-11-08.
- ↑ Proceedings of the XLVI Meeting of the Summit Implementation Review Group (SIRG)
- ↑ Dubé, Rebecca (15. august 2007). «Enough with the inukshuks already». The Globe and Mail (Toronto).
- ↑ 20,0 20,1 «The Inukshukification of Highway 69». Northern Life. 22. september 2010. Arkivert frå originalen 30. oktober 2015.
- ↑ «Tallest Inukshuk». Guinness World Records. Henta 18. november 2022.
- ↑ «Canada and the International Criminal Court». Arkivert frå originalen 30. mars 2018. Henta 30. mars 2018.
- ↑ Canada Justice Minister and ICC President unveil artwork donation, arkivert frå originalen 16. november 2020, henta 18. november 2022
- Denne artikkelen bygger på «Inuksuk» frå Wikipedia på engelsk, den 18. november 2022.
Bakgrunnsstoff
endre- «Vancouver Olympic emblem comes under fire». CBC News. April 26, 2005.
- Graburn, Nelson (2004). «Inuksuk: Icon of the Inuit of Nunavut». Études/Inuit/Studies 28 (1): 69–82. doi:10.7202/012640ar.
- Heyes, Scott (2002). «Protecting the authenticity and integrity of inuksuit within the arctic milieu». Études/Inuit/Studies 26 (2): 133–156. doi:10.7202/007648ar.
- Irnig, Peter (Spring 2006). «The Ancestral Inuksuk» (PDF). Naniiliqpita Magazine (Nunavut Tunngavik): 18–19.