Snøkvit

(Omdirigert frå Snøhvit)
Denne artikkelen handlar om eventyret. For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Snøkvit (fleirtyding).

Snøkvit (på tysk Schneewittchen) er ein eventyrskikkelse frå eit europeisk folkeeventyr, med kongsdottera Snøkvit som hovudperson. Eventyret fortel korleis stemora, som er dronning i landet og dessutan heks, prøver å drepe Snøkvit. Det er særleg blitt kjent i den tyske versjonen, skrive ned av Grimm-brørne og utgjeve for fyrste gong i eventyrsamlinga dei gav ut i 1812. Eventyret har sidan den gongen blitt eitt av dei mest kjende og utbreidde eventyra i verda, og har kome i mange utgåver, blant anna i Walt Disneys berømte teiknefilmversjon Snøkvit og dei sju dvergane frå 1937.

Snøkvit i kista si, Theodor Hosemann, 1852.

Galleri

endre
  Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.