Snakes and Ladders av Gerry Rafferty
Snakes and Ladders Studioalbum av Gerry Rafferty | ||
Utgjeve | April 1980 (UK), mai 1980 (US) | |
Sjanger | Rock | |
Selskap | United Artists | |
Produsent | Gerry Rafferty, Hugh Murphy | |
Gerry Rafferty-kronologi | ||
---|---|---|
Night Owl (1979) |
Snakes and Ladders | Sleepwalking (1982)
|
Snakes and Ladders er det fjerde studioalbumet til Gerry Rafferty. Det kom ut i 1980 etter suksessen han hadde hatt med dei to førre albuma, City to City og Night Owl. Albumet nådde 15. plassen i Storbritannia, men berre 61. plassen i USA. Albumet vart gjeven ut på CD i 1989, men sletta kort tid etter, og kom først ut på CD igjen i august 2012 som ei dobbelplate i lag med Sleepwalking. Somme av songane har vore tilgjengeleg på samleplater. Ein av songane, «The Garden Of England», vart spelt inn i Beatles-produsenten George Martin sitt AIR studio på Montserrat. Alle songane var skrivne av Rafferty utanom ein – «Johnny's Song» – som var ei nyinnnspeling av ein song som vart gjeven ut av det tidlegare bandet hans, Stealer's Wheel, og ein annan – «Didn't I» – som var ei nyinnspeling av ein song frå Rafferty-albumet Can I Have My Money Back frå 1971.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Smash Hits | 8½/10[1] |
Allmusic | [2] |
Songen «Royal Mile» vart gjeven ut som singel i Storbritannia, men nådde berre 67. plassen her og 54. plassen i USA.
Innhald
endreNr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «The Royal Mile (Sweet Darlin')» | 3:51 |
2. | «I Was a Boy Scout» | 4:13 |
3. | «Welcome to Hollywood» | 5:17 |
4. | «Wastin' Away» | 3:36 |
5. | «Look at the Moon» | 2:20 |
6. | «Bring It All Home» | 4:39 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
7. | «The Garden of England» | 4:07 |
8. | «Johnny's Song» | 3:23 |
9. | «Didn't I» | 4:13 |
10. | «Syncopatin Sandy» | 4:23 |
11. | «Cafe Le Cabotin» | 4:53 |
12. | «Don't Close the Door» | 3:45 |
Medverkande
endre- Gerry Rafferty – vokal, gitar, klaverinstrument
- Mo Foster – bass
- Ian Lynn – klaverinstrument
- Jerry Donahue – gitar
- Richard Harvey – synthesiser, blikkfløyte
- Bryn Haworth – gitar, slidegitar
- Richard Brunton – gitar
- Mel Collins – saksofon
- Betsy Cook – korvokal
- Liam Genockey – trommer
- Billy Livsey – piano, klaverinstrument
- Raphael Ravenscroft – saksofon
- Frank Ricotti – perkusjon
- Pete Wingfield – organ
- Pete Zorn – bass
- Billy Wingfield – piano, Moog synthesiser
Lister
endreAlbum
År | Liste | Plassering |
---|---|---|
1980 | Billboard Pop Album | 61 |
Singel
År | Song | Liste | Plassering |
---|---|---|---|
1980 | «The Royal Mile (Sweet Darlin')» | Billboard Pop Singels | 54 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Snakes and Ladders (Gerry Rafferty album)» frå Wikipedia på engelsk, den 11. september 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Starr, Ref. «Gerry Rafferty: Snakes and Ladders». Smash Hits (April 17–30 1980): 30.
- ↑ DeGagne, Mike. Snakes and Ladders av Gerry Rafferty på Allmusic
Bakgrunnsstoff
endre- Snakes and Ladders på Discogs (liste over utgjevingar)