Montserrat
Montserrat er eit britisk oversjøisk territorium i Leewardøyane i Karibia.
![]() |
![]() |
Flagg | Våpen |
![]() | |
Status | Britisk oversjøisk territorium |
---|---|
Førsteminister (Chief Minister) | Reuben Meade |
Hovudstad | Plymouth (evakuert sidan 1997) |
Offisielt språk | Engelsk |
Areal - % vatn |
102 km² ubetydeleg |
Folketal - totalt |
ca. 4490 (2005) |
Verdsdel | Sør-Amerika (Karibia) |
Internet-domene | .ms |
Tidssone | UTC -4 |
Internasjonal telefonkode | +1-664 |
Nasjonalsong | God Save The Queen |
Øya er 102 km² stor og mesteparten av øya er øydelagd og avsperra etter eit vulkanutbrot 18. juli 1995, mellom anna hovudstaden. Berre 44 km² vert i dag rekna som ei trygg sone. I 2005 hadde øya kring 9300 innbyggjarar. Hovudstaden Plymouth vart fråreist etter vulkanutbrota. Styresmaktene på øya held i dag til i Brades nordvest på øya ved Carr's Bay/Little Bay.
Montserrat er kupert og det høgaste punktet er vulkanen Soufrière på 915 moh. Vulkanen har hatt utbrot meir eller mindre samanhengande sidan 1995 og kulminerte i eit alvorleg og øydeleggjande utbrot sommaren 1997. Folkesetnaden vart då evakuert og tilbakeflyttinga byrja først i 1998. Bustadmangel førte derimot til at det var sterkt avgrensa kor mange som kunne returnere. Ein del valde då å reise til Storbritannia, der dei etter kvart fekk statsborgarskap.
Vulkanutbrota sette økonomien på øya kraftig attende, og samferdselsmessig vart øya òg isolert, då både flyplassen og hamnene måtte stengast. Gjenoppbygginga kom i gang på slutten av 1990-åra, og mange var sysselsett innan bygg og anlegg. Gjenoppbygginga vart mellom anna finansiert med bistand frå Storbritannia.
Historie Endra
Øya vart oppdaga av Kristoffer Columbus i 1493 og kalla opp etter fjellklosteret Santa Maria på Montserrat nær Barcelona i Spania.
Frå 1632 blei Montserrat kolonisert av irar frå St. Kitts. Ho var ein slavekoloni fram til 1838, då slavane blei frigjevne. I 1958–1962 høyrte øya til Den vestindiske føderasjonen, før ho vart ei britisk øy med indre sjølvstyre.
Montserrat blei hardt råka av orkanen «Hugo» i 1989. I 1995 byrja vulkanutbrotet til Soufrière som to år seinare førte til at store delar av øya måtte evakuerast.
Bakgrunnsstoff Endra
Kjelder Endra
- History Arkivert 2013-12-26 ved Wayback Machine., visitmontserrat.com
- «Montserrat» i Store norske leksikon, snl.no.