Opna hovudmenyen

Pete Zorn (fødd 29. mai 1950 i Somerset, daud 14. april 2016 i London) var ein amerikansk multi-instrumentalist som spela roots-musikk. Han er mest kjend som eit langvarig medlem av bandet til Richard Thompson, der han var korvokalist og spela akustisk gitar, mandolin, saksofon, fløyte og tinnfløyte.[1] Han var òg bassgitarist.

Pete Zorn
Fødd29. mai 1950
FødestadSomerset
Død19. april 2016
DødsstadLondon
OpphavUSA
Sjangerfolkrock
Instrumentsaksofon, mandolin, fløyte, gitar
Verka somsaksofonist, mandolinspelar

Zorn turnerte ofte med Thompson, men spelte òg med mange andre artistar og grupper som Arizona Smoke Revue, danna av den eldre broren Bill Zorn, Show of Hands, the Phil Beer Band, Elaine Paige, Thomas Anders, Gerry Rafferty, Barbara Dickson og bandet hans WAZ, i lag med Steve Tilston.

Han fekk ein hitt i Storbritannia i 1979 som ein del av Driver 67 med svogeren Paul Phillips med singelen «Car 67». han og Phillips møttest då Zorn kom til London med Fishbaugh, Fishbaugh og Zorn, eit tre mann stort folkrockband fekk kontrakt med CBS Records i London. Fordi han kunne spele mange instrument og har ei stort stemmeregsiter, vart Zorn mykje nytta som studiomusikar med Phillips som produsent i 1970-åra. Etter hitten «Car 67», spelte dei inn eit album kalla Hey Mister Record Man, under namnet Tax Loss. Bill og Conrad Zorn spelte òg.

I 2009 vart Zorn med Steeleye Span på vårturneen deira det året, der han erstatta Rick Kemp som var sjukemeldt.

KjelderEndra