Snaps (frå lågtysk eller tysk 'munnfull, slurk') er eit omgrep som på norsk har same tyding som dram, altså ein liten porsjon brennevin. Denne kan serverast i eit lite glas i lag med eit måltid, gjerne med øl. I skandinavisk tradisjon, særleg blant danskar og svenskar, er det vanleg å synga drikkeviser i takt med at ein drikk snaps.

Flasker og glas med snaps.

Liknande ord endre

På dansk viser ordet «snaps» helst til brennevin laga av korn eller potet (akevitt).

Det tyske ordet Schnaps kan omfatta all brennevin eller berre visa til fruktbrennevin.

Kjelder endre