Snartemo er ein gard i Hægebostad kommune i Vest-Agder. Han er kjend for ei rik grav frå folkevandringstida, der ein mellom anna fann Snartemo-sverdet.

Ein grov først ut ei grav i 1847, men det største Snartemo-funnet blei gjort under nydyrking 30. oktober 1933. Då denne grava blei undersøkt fann ein mellom det gulldekorerte Snartemo-sverdet, knivar, spydspissar, ei glaskrukke, ei beltespenne og gullringar. Under krigen blei sverdet gøymd for nazistane, som ville bruka det som symbol til propaganda.

På 1990-talet blei det laga ein bautapark ved riksvegen på Snartemo, nokre hundre meter frå funnstaden. Parken inneheld informasjon om funna og ein stor kopi av Snartemo-sverdet.[1]

BakgrunnsstoffEndra

FotnotarEndra