Snezjnaja
Snezjnaja (russisk Снежная) er ei elv i Burjatia i Russland og ei av elvane som munnar ut i Bajkalsjøen.
Snezjnaja | |||
elv | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 3 020 km² | ||
Lengd | 173 km | ||
Middelvassføring | 80 m³/s | ||
Kjelde | Khamar-Daban | ||
• høgd | 2 300 moh. | ||
Munning | Bajkalsjøen | ||
Snezjnaja 51°28′55″N 104°37′23″E / 51.481917°N 104.623117°E | |||
Wikimedia Commons: Snezhnaya River |
Ho renn frå nordsida av fjellet Khamar-Daban. Elva renn nær fjella Sangin-Daban og Daban-Utulik. Elva frys til om vinteren og vårløysinga startar tidleg i mai. Elva er forholdsvis bratt og har ei gjennomsnittleg helling på 10 meter per kilometer. Den siste delen av elva renn langs grensa mellom Burjatia og Irkutsk oblast. Elva er ei populær turistelv.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Снежная (река)» frå Wikipedia på russisk, den 22. oktober 2008.