Snov
(Omdirigert frå Snovelva)
Snov (russisk og ukrainsk Снов) er ei elv i Brjansk oblast i Russland og i Tsjernihiv oblast i Ukraina og ei av sideelvane til Desna frå høgre.
Snov | |||
elv | |||
Snov ved Sedniv i Ukraina
| |||
Land | Russland, Ukraina | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 8 705 km² | ||
Lengd | 233 km | ||
Kjelde | Ved Novozybkov | ||
Munning | Desna | ||
Snov 51°31′48″N 31°31′52″E / 51.53°N 31.531111111111°E | |||
Wikimedia Commons: Snov River |
Ho er 233 km lang og har eit nedslagsfelt på 8705 km². Den øvre delen av elva er 4 til 14 meter brei, medan den nedre delen av ho er 20 til 40 meter brei. Sjølve elvedalen er 1,5 til 4 km brei.
Elva frys vanlegvis til om vinteren. Den nedre delen av elva vert nytta til vatning.
Elva spring ut 7 km søraust for byen Novozybkov og renn om lag 20 km langs grensa mellom Ukraina og Russland, før ho renn inn i Tjsernigov oblast i Ukraina. Her renn ho gjennom Snovsk og Sednev. Snov munnar ut i Desna 12 km oppfor Tsjernigov.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Снов (река)» frå Wikipedia på russisk, den 20. oktober 2008.