Isonzo
Isonzo (slovensk Soča, gamaltysk Sontig) er ei 140 km lang elv i Slovenia og Italia. Kjelda til elva ligg i Trentadalen i Dei juliske Alpane i Slovenia i ei høgd på om lag 1 100 meter over havet. Elva renn forbi det høgaste fjellet i Slovenia, Triglav (2 864 moh) før ho renn sørover forbi byane Bovec, Kobarid, Tolmin, Nova Gorica og Gorizia. Ho munnar ut i Adriahavet nær den italienske byen Monfalcone.
Isonzo | |||
elv | |||
Soča nær Kobarid
| |||
Land | Slovenia, Italia | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 3 400 km² | ||
Lengd | 140 km | ||
Middelvassføring | 140 m³/s | ||
Kjelde | Dei juliske Alpane vest for Triglav | ||
• høgd | 1 100 moh. | ||
Munning | Adriahavet nær Monfalcone | ||
Isonzo 45°59′40″N 13°38′29″E / 45.994444444444°N 13.641388888889°E | |||
Wikimedia Commons: Soča |
Sočadalen var åstad for store militære operasjonar , inkludert tolv slag ved den italienske fronten under den første verdskrigen mellom mai 1915 og november 1917 der over 300 000 soldatar frå Austerrike-Ungarn og Ungarn mista livet.
I Slovenia vert elva stundom kalla «Den vene smaragdelva» på grunn av det samaragdgrøne vatnet. Ho er visstnok ei av få elvar i verda som har ein slik farge gjennom heile løpet. Soča inspirerte den slovenske diktaren Simon Gregorčič til å skrive det mest kjende diktet hans Soči (Til Soča), eit meisterverk i slovensk poesi.
Isonzo er kjend for den unike aurearten Salmo trutta marmoratus (kalla marmoraure), som lever i det krystallklåre vatnet i dei øvre områda av elva. Arten er utryddingstruga på grunn av at andre fiskeartar vart sett ut i elva mellom dei to verdskrigane.
Galleri
endre-
Isonzo
-
Soča nær Bovec
-
Soča nær Kobarid
-
Soča nær Kobarid
-
Satellittbilete av elvemunningen
-
Trentadalen
-
Soča ved Kanal ob Soči
-
Isonzo nær munningen i Adriahavet ved Isola di Cane
Bakgrunnsstoff
endreKjelder
endre- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Soča frå Engelsk Wikipedia .