Soake
Soaking eller å soake (frå engelsk soak - blautleggje, suge inn) er ei form for kristen bønn eller meditasjon. Ordet er ganske nytt i bruk i Noreg. Soaking blir òg kalla kontemplativ bønn.
Ein kan soake både saman med andre og aleine. Det ein gjer er å finne ei god stilling, til dømes liggje flatt på golvet. Ofte bruker ein musikk til, gjerne instrumental.
Kristne meiner at soakinga hjelper dei å fokusere betre og «bringer dei nærare Gud».
Bakgrunnsstoff
endre- Lærer dypdykking i Herrens nærleik[daud lenkje], artikkel i Vårt Land, januar 2007