Bøn

(Omdirigert frå Bønn)
For den tibetanske religionen, sjå bön.

Bøn innan ein religion inneber kommunikasjon mellom ein truande og ei høgare makt, som ei ånd eller ein guddom. Ein ber ofte ved hjelp av ord, men bøna kan òg vera ordlaus og bestå av andre handlingar, som å meditera, ofra eller gå inn i visse stillingar.

Jødar samlar seg til bøn i synagogen under jom kippúr. Måla av Maurycy Gottlieb i 1878.

Mange religionar har fastsette bønemåtar og bønetider. Innan islam og jødedommen er det til dømes vanleg å be til faste tider på dagen. I kristendommen er felles bøn gjerne ein fast del av ei gudsteneste. Bøner kan utførast åleine eller saman med andre.

Det kan vera mange grunnar til å be, ein kan mellom anna uttrykka eit ønske, ein takk eller ein klage, prisa guddommen eller ganske enkelt be fordi det blir forventa innan religionsutøvinga. Særleg innan polyteistiske religionar er bøn blitt sett på som eifd form for magi der ein vil få det ein ber om dersom ein utfører dei på rette måten.

Stad og rom endre

 
Ein hindu utfører det daglege bøneritualet sitt i Ganga. (Foto: Steve Evans)

Ofte ber ein i eit særskild, heilag rom, som eit bønerom eller i eit gudshus, eller på ein heilag stad, som ei særskild elv (som Ganga) eller by (som Mekka).

Å venda seg i ein heilag retning kan òg vera viktig for bøna. Jødar vender seg mot Tempelet i Jerusalem når dei bed, muslimar vender seg mot kabaen i Mekka og bahaiar mot qiblihen i Akko, medan mange hinduar utfører bøner mot sola. Ein kan òg venda seg oppover, mot himmelen, når ein ber, eller nedover for å uttrykka audmjuke.

Førebuing endre

Ofte blir det kravd at ein skal vera rein før ein ber. Dette kan vera symbolsk reinsle, ved at ein til dømes ikkje er sjuk eller blør, har vore i kontakt med døde, eller ved at ein vaskar ein del av seg med ein symbolsk mengd vatn. Det kan òg finnast krav om grundigare vasking, til dømes av hender og føter i islam, eller heile kroppen i hinduismen.

Ulike former for bøn endre

Bøner med ord endre

Bøner kan vera frie ved at ein fører ein slags samtale med guddommen og ordlegg seg slik det fell ein inn, eller dei kan følgja ei tidlegare utforming. Nokre kjende fastlagde bøner er ahonavár i parsismen, ʿamidá i jødedommen, fader vår i kristendommen, gayatrimantraet i hinduismen, mahamantraet i djainismen, mulmantraet i sikhismen og salah i islam.

 
Ein kristen mann i ei kyrkje foldar hendene rundt rosenkransen i bøn. Måla av Julian Fałat i 1881.

Bøner med rørsle endre

Ein kan utføra bøner heilt eller delvis i form av rørsler. Dette kan vera enkle rørsler, som å reisa seg eller knela for å be, eller samansette rørsler, som å gå inn i yogastillingar. For å meditera kan ein setja seg i ei stilling som er behageleg nok til at ein kan halda henne i lang tid, men ikkje så god at ein slappar heilt av. Andre vidspreidde rørsler er å samla eller folda hendene.

 
Ein buddhist set i gang bønehjul i eit tibetansk kloster.

Hjelpemiddel endre

Ulike rituelle gjenstandar kan hjelpa ein til å utføra bøner. Rosenkransar blir brukt i fleire religionar for å hjelpa til med å konsentrera seg eller telja bøner. Som ein del av ei bøn kan ein tenna røykjelse eller arrangera blomar for å koma nærare guddommen. Innan buddhismen bruker ein å snurra bønehjul der bøner er nedskrivne som ei form for å uttrykka bøner eller mantra.