Soarele și luna
«Soarele și luna» Song av Pasha Parfeni | ||
Land | Moldova | |
Språk | Rumensk | |
Utgjeve | 19. januar 2023 | |
Sjanger | Dansepop, folk, elektropop | |
Lengd | 02:59 | |
Selskap | Lăutar Music Lab | |
Komponist | Pasha Parfeny | |
Låtskrivar(ar) | Pavel Parfeni, Andrei Vulpe, Iuliana Parfeni |
---|
«Soarele și luna» (norsk omsetjing ‘sola og månen’) er ein folk-inspirert dansepoplåt frå 2023 med den moldovske songaren Pasha Parfeni. Songen er skriven av Parfeni sjølv, saman med Andrei Vulpe og Iuliana Parfeni. Songen blei gjeven ut 19. januar 2023 og var det moldovske bidraget til Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool.
Om songen
endre«Soarele și luna» er skriven av Pasha Parfeni, Andrei Vulpe og Iuliana Parfeni. Parfeni står bak fleire tidlegare moldovske Eurovision-låtar, og han blei nummer 11 i 2012 i Baku med låten «Lăutar».[1]
«Soarele și luna» er rumensk for ‘sola og månen’. Parfeni elskar kona si djupt, og songteksta fortel om det djupe forholdet mellom dei, og at universet – sola og månen – har velsigna ekteskapet deira.[1] Vidare fortel teksta om ein kjærleik like magisk som folkesogene han viser til. Songen brukar metaforar, folkelege symbol og naturelement.[1]
Eurovision Song Contest
endre«Soarele și luna» var eit av 31 bidrag i Etapa națională 2023, den moldovske uttakinga til Eurovision Song Contest 2023.[2][3] Arrangøren, den moldovske ålmennkringkastaren TRM, heldt fyrst ein auditionrunde. I denne runden enda «Soarele și luna» på andreplass og kvalifiserte seg til finalen laurdag 4. mars 2023.[4]
Før finalen var «Soarele și luna» favoritt til å vinne den moldovske uttakinga, ifølgje ei avrøysting på Eurovision-fansida Wiwibloggs.[5] I finalen fekk låten toppoeng fra både juryane og sjåarane og vann finalen med 24 poeng. Som følgje av sigeren blei «Soarele și luna» det moldovske bidraget i Eurovision Song Contest 2023.
Moldova deltok i den fyrste semifinalen, som blei arrangert i Liverpool Arena i England tysdag 9. mai. Der blei låten nummer fem og kvalifiserte seg til finalen laurdag 13. mai. I finalen fekk songen 96 poeng og blei nummer 18 av 26 bidrag.[6] [7]
Listeplasseringar
endreListe (2023) | Høgaste plassering |
---|---|
Finland (Suomen virallinen lista)[8] | 40 |
Litauen (AGATA)[9] | 16 |
UK Singles (Official Charts Company)[10] | 63 |
Sverige Heatseeker (Sverigetopplistan)[11] | 15 |
Tyskland Downloads (GfK Entertainment)[12] | 92 |
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 Tudor, Ruxandra (21. mars 2023). «"The Sun and the Moon will hold our wedding crown" — Pasha Parfeni describes his cosmic wedding in the "Soarele si Luna" lyrics». wiwibloggs (på engelsk). Henta 23. mars 2023.
- ↑ Granger, Anthony (23. desember 2022). «Moldova: Song Submissions Open For Eurovision 2023 Selection Open». Eurovoix (på engelsk). Henta 23. mars 2023.
- ↑ Vautrey, Jonathan (17. januar 2023). «Moldova: Sunstroke Project, Aliona Moon and Pasha Parfeni among 33 entries selected for live auditions of Etapa Nationala 2023». wiwibloggs (på engelsk). Henta 23. mars 2023.
- ↑ Vautrey, Jonathan (28. januar 2023). «Moldova: 10 acts move onto Etapa Nationala 2023 final following live auditions». wiwibloggs (på engelsk). Henta 23. mars 2023.
- ↑ Vautrey, Jonathan (3. mars 2023). «PashaParfeni should win Moldova's Etapa Nationala 2023 according to our readers». wiwibloggs (på engelsk). Henta 23. mars 2023.
- ↑ «GrandFinal of Liverpool 2023 - Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 18. mai 2023.
- ↑ «PashaParfeni». eurovision.tv (på engelsk). Henta 18. mai 2023.
- ↑ "Finnishcharts.com – Pasha Parfeni – Soarele si luna". Suomen virallinen lista. Hung Medien.
- ↑ «202320-os savaitės klausomiausi (Top 100)» (på litauisk). AGATA. 19. mai 2023. Henta 19. mai 2023.
- ↑ "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company.
- ↑ «VeckolistaHeatseeker, vecka 20». Sverigetopplistan. Henta 19. mai 2023.
- ↑ «DownloadCharts Single – Aktualisiert am: 22.05.2023» (på German). mtv.de. Arkivert frå originalen 23. mai 2023. Henta 23. mai 2023.
- Denne artikkelen bygger på «Soarele și luna» frå Wikipedia på bokmål, den 6. desember 2023.