Sognefjellet

(Omdirigert frå Sognefjell)

Sognefjellet er eit fjellparti på grensa mellom Vestland og Innlandet fylke, mellom Bøverdalen i Lom kommune og Fortunsdalen i Luster kommune. I Sogn vart Sognefjellet kalla Dølafjell. I Gudbrandsdalen vart det kalla Sygnefjellet.

Sognefjellet
fjell
Land  Noreg
Fylke Vestland, Innlandet
Kommune Luster, Lom
Kart
Sognefjellet
61°34′N 7°59′E / 61.56°N 7.99°E / 61.56; 7.99
Wikimedia Commons: Sognefjellet

Allereie i mellomalderen gjekk ein trafikkert ferdselsveg over Sognefjellet. Heilt fram til 1800-talet vart det frakta korn over Sognefjellet. No går fylkesveg 55 (Sognefjellsvegen, opna i 1938), omtrent same ruta, det vil seie opp Bøverdalen og Leirdalen til Krossbu, så sør for den høgste ryggen (1500–1600 moh.) av Sognefjellet til Turtagrø og vidare ned til Fortun.

Kjelder

endre

«Sognefjellet» i Store norske leksikon, snl.no.