Sognefjellet

Sognefjellet er eit fjellparti på grensa mellom Vestland og Innlandet fylke, mellom Bøverdalen i Lom kommune og Fortunsdalen i Luster kommune. I Sogn vart Sognefjellet kalla Dølafjell.

Sognefjellet
fjell
A view from Riksveg 55 at Sognefjellet.jpg
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Vestland, Innlandet
Kommune Luster, Lom

Sognefjellet
61°34′ N 7°59′ E
Wikimedia Commons: Sognefjellet

Allereie i mellomalderen gjekk ein trafikkert ferdselsveg over Sognefjellet. Heilt fram til 1800-talet vart det frakta korn over Sognefjellet. No går fylkesveg 55 (Sognefjellsvegen, opna i 1938), omtrent same ruta, det vil seie opp Bøverdalen til Krossbu, så sør for den høgste ryggen (1500–1600 moh.) av Sognefjellet til Turtagrø og vidare ned til Fortun.

KjelderEndra