Eit soknebod er ei vitjing av prest hos folk som ligg sjuke eller for døden, slik at presten kan snakke med den sjuke, be i lag med han og dele nattverd.

Når presten er bodsendt, vil han først snakke med den sjuke, gjerne i einerom, slik at han kan vere viss på om han ønskjer nattverd. Han vil da òg få vite om den sjuke skulle ønskje å skrifte.

Kyrkja har ein eigen liturgi for soknebod. Etter ordninga i Den norske kyrkja kan prest eller diakon gå i soknebod. Liturgien vert innleia med salmesong, held fram med ei kort bøn og Fadervår før liturgen forrettar nattverden for dei som er tilstades. Han vil avslutte med velsigninga og gjerne ein salme.

M. B. Landstad har skildra eit soknebod i diktet «Et Sognebud» (1842).

Kjelder endre