Solør prosti var eit tenestedistrikt i Hamar bispedømme i Den norske kyrkja. Prosten hadde sete på Flisa.

Åsnes kyrkje, 2 km vest for Flisa

Historikk

endre

Det vart oppretta i 1922 ved at Våler og Åsnes prestegjeld vart skild ut frå Sør-Østerdal prosti og Hof, Grue og Brandval prestegjeld frå Solør og Odalen prosti[1].

Brandval vart overført til Vinger og Odal prosti i 1990.[2] Frå då av var Solør prosti geografisk identisk med kommunane Grue, Åsnes og Våler.

I 2013 vart Solør prosti slege saman med Vinger og Odal prosti, og den nye eininga fekk namnet Solør, Vinger og Odal prosti.[3]

Sjå òg

endre

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre