Opna hovudmenyen

Solør, Vinger og Odal prosti

Solør, Odal og Vinger prosti er eit tenestedistrikt i Hamar bispedømme i Den norske kyrkja, med prosteseteKongsvinger. Geografisk fell det saman med Glåmdalsregionen.

HistorikkEndra

Prostiet vart oppretta i 1855[1] ved frådeling av Øvre Romerike prosti. Det heitte då Solør og Odal prosti. 1868 vart nordre Solør (Våler og Åsnes prestegjeld) overført til det då nyoppretta Sør-Østerdal prosti[2]. I 1922 vart også søre Solør (Hof, Grue og Brandval prestegjeld) fråskilt, då Solør prosti vart oppretta, og det attverande prostiet skifta namn til Vinger og Odal prosti.[3] Brandval vart flytta tilbake i 1990.[4] I 2013 fekk prostiet igjen sine opphavlege grenser, då det vart utvida med nedlagde Solør prosti, men fekk det noverande namnet Solør, Vinger og Odal prosti.[5]

KjeldeEndra

Sjå òg:Endra