Sola ruinkyrkje

(Omdirigert frå Sola Ruinkyrkje)

Sola ruinkyrkje er ei kyrkje i Sola kommune. Kyrkja var lenge rekna som ein ruin. Kyrkja har seinare vorte bygd opp att med tak.

Sola ruinkyrkje
kyrkje
Foto: Roar Johansen
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Stavanger
Prosti Tungenes
Sokn Sola
Fellesråd Sola
Type langkyrkje
Arkitekt Louis Kloster
Kart
Sola ruinkyrkje
58°53′28″N 5°36′41″E / 58.89098°N 5.61129°E / 58.89098; 5.61129
Wikimedia Commons: Sola ruinkirke

Kyrkja var opphavleg bygd på tidleg 1100-talet og var i bruk som soknekyrkje til 1842, då det vart reist ei ny soknekyrkje i tre. Gamlekyrkja vart då ståande som open ruin fram til marinemålaren Johan Jacob Bennetter i 1871 kjøpte murane og laga seg bustad og atelier av dei. Bygget stod som bustadhus fram til 1907 då det igjen vart ståande som ruin. Slik stod det fram til 1940 då den tyske krigsmakta syrgde for å rive murane.

I perioden 1992-1995 vart kyrkja rekonstruert under leiinga til arkitekt Louis Kloster.

Kyrkja er eigd av Sola kommune og vert mykje nytta til vigsler og konsertar.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre