Sommartid er den delen av året der klokka blir stilt fram ein time i forhold til normaltid. Fleire land har innført dette for å utnytte dei lyse delane av døgnet.

██ Område som nyttar sommartid (engelsk: daylight saving time, DST) ██ Område som tidlegare har nytta sommartid ██ Område som aldri har nytta sommartid

Sommartid vart først foreslått av Benjamin Franklin i eit essay så tidleg som i 1784, men vart ikkje tatt i bruk før første verdskrigen; Tyskland var først ute i 1916, og deretter følgde Storbritannia. Tanken var å utnytte betre sommarmånadene med lys ein time ekstra om kvelden, og minske energibruken. Energisparing betydde mindre i dei industrialiserte landa i seinare tid, men kan få ny betydning under truslane om klimaskifte.

Sommartid vert nytta i dei tempererte stroka i verda, i tropane varierer dagen så lite at det er lite praktisk der.

I Europa var det i 2017 berre Island, Russland og Kviterussland som ikkje hadde sommartid.

Sommartid i ulike land endre

Sommartid er omstridt i mange land, noko som fører til at ulike regjeringar gjer sommartid gjeldande eit år, mens neste år følgjer normaltid igjen. Datoen for sommartid blir i mange land bestemt for eit år av gongen og kan bli endra på kort varsel av spesielle omsyn.

den nordlege halvkula nyttar ein sommartid i månadene mars/april til oktober/november. Den sørlege halvkula har sommartid frå oktober til februar/mars.

Frå 2007 vart sommartida utvida i store delar av USA og Canada med fleire veker, frå andre søndagen i mars til første søndag i november. Argumentasjonen for utvidinga var energisparing.

Sommartid i Noreg endre

 
Start av sommartid om våren

Noreg har hatt sommartid i 1916, 194345 og 195965. Dessutan var det sommartid også om vinteren frå og med 11. august 1940 til og med 2. november 1942. Noreg har deretter hatt sommartid kvart år sidan 1980. I 1996 vart alle EU-land (og Noreg) samde om at sommartida startar siste søndag i mars og sluttar siste søndag i oktober.

  • Når sommartida byrjar i mars, blir klokka skrudd ein time fram kl. 02:00 (til 03:00).
  • Når sommartida sluttar i oktober, blir klokka skrudd ein time attende kl. 03:00 (til 02:00).

Ein hugseregel for kva veg klokka skal stillast, er å stille visarane mot sommaren, altså framover (mot sommaren) om våren, og bakover (mot sommaren) om hausten. I USA er det eit uttrykk som seier Spring Forward, Fall Back. Ordspelet gjenspeglar det å hoppe framover og å falle bakover.

Dei som arbeider natta ein stiller klokka, følgjer normalt klokka og ikkje talet på timar. Det vil seie at om ein lege har vakt den siste helga i oktober frå laurdag klokka 22:00 til søndag kl. 06:00, så får han betalt for 8 timar, sjølv om han har arbeidd timen lmellom 02:00 og 03:00 to gonger.

Helse endre

 
Døgnrytmen er forstyrra når klokka skruast fram. (Her: Greenwich, 2007)[1]

Sommartid vart innført i ei tid då ein visste lite om døgnrytmene til menneske. Ein rekna då med at helseeffekten helst ville vere positiv med ein tilleggstime med dagslys om ettermiddagen. Det er no klart at kroppen si synkronisering med soloppgangen er presis, og studiar viser at dei aller fleste toler dårleg overgangen til sommartid.[2][3][4]

Sjå òg endre

Referansar endre

  1. Sualeh Fatehi (15. mai 2007). «Daylight Chart». SourceForge.net. Henta 25. juni 2007. 
  2. Tuuli A. Lahti; Sami Leppämäki; Jouko Lönnqvist; Timo Partonen (2006). «Transition to daylight saving time reduces sleep duration plus sleep efficiency of the deprived sleep». Neuroscience Letters 406 (3): 174-177. PMID 16930838. doi:10.1016/j.neulet.2006.07.024. 
  3. Thomas Kantermann; Myriam Juda; Martha Merrow; Till Roenneberg (2007). «The human circadian clock's seasonal adjustment is disrupted by daylight saving time» (PDF). Current Biology 17 (22): 1996-2000. PMID 17964164. doi:10.1016/j.cub.2007.10.025.  PDF
  4. ABC Science Online, Australia (25. oktober 2007). «Daylight saving hits late risers hardest». 

Bakgrunnsstoff endre